Foto: Midtsiden
- Annonse -

Politiet fann gasspistol utanfor leilegheita til den mistenkte.

Politiet rykte torsdag ettermidag i 16.30-tida ut til ein adresse i Borggata i Leirvik sentrum, etter melding om at nokon hadde blitt truga.

– Me har kontroll på staden og snakkar med dei involverte, skriv politiet på Twitter.

Det vert opplyst at politiet fann ein gasspistol på utsida av leilegheita. Det er ikkje opplyst om det er denne som det er blitt truga med.

- Annonse -

Etter å ha prata med dei involverte pratane vart det klart for politiet at ingen ønskte å politimelde forholdet.

Politiet oppretter likevel sak på trugslar, og tek beslag i våpenet som vart funne.

- Annonse -
- Annonse -