Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -

Politiet på Stord hadde fleire oppdrag natt til søndag.

Sørvest politidistrikt melder om fleire hendingar på Stord i løpet av laurdagsnatta.

Først blei politiet kontakta av ein utestad i Sagvåg i 1.30-tida, då dei hadde ein hissig gjest som nekta å gå. Politiet kom til staden og viste bort mannen i 30-åra.

Litt seinare på natte måtte politiet også senda heim ein mann frå ein utestad i Leirvik sentrum. Han skal ha slått og sparka på inventaret i utestaden.

Natta blei runda av med herværk ved eit gatekjøkken i Leirvik sentrum. I 3.30-tida klarte ein mann i 20-åra å knuse ei rute ved serveringsstaden. Politiet gav mannen klar beskjed om gå heim, og gav han forbod om å opphalde seg i Leirvik sentrum fram til klokka 08 søndag morgon.

– Han har lova å kontakte gatekjøkkenet i morgon og gjere opp for seg, opplyser politiet.

- Annonse -