Maris-senteret i Borggata vert av Rådmannen foreslått nedlagt i 2020. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

I samband med oppussinga av Borggata Futurum-bygningane må rustilbodet MARIS flytte ut av lokala.

– Det vert no jobba fram omfattande planar for oppgradering av heile bygningsmassen. Dette inneber at Maris må flytta, skriv Magne Jostein Mikkelson i Fronta Næring i eit brev til Stord kommune.

Mikkelson viser til eit punkt i leigeavtala der huseigar har heimel til å finne mellombelse lokale ved oppussingsarbeid.

Fronta tilbyr kommunen mellombelse lokale i Hamnegata medan arbeidet går føre seg.

– Me kan tilby flytting av MARIS til lokaler i Hamnegata 22,der Stord kommune leiger til mellom anna utekontakten.

MARIS-senteret er eit frivillig behandlingstilbod for opiatmisbrukarar. Senteret har ope for pasientar som har fått innvilga behandling på Metadon og Suboxone/Subutex. MARIS har medisinutdeling seks dagar i veka og aktivitetstilbod fem dagar.

- Annonse -

Det er nokre veker sidan det vart kjend at investoren Tore Liverød og Fronta-sjef Knut Arne Tyse har kjøpt Borggata Futurum, der begge partane sit igjen med kvar sin store eigardel. Det er ikkje Fronta som står som deleigar, men Tyse sitt investeringsselskap Ka Finans AS.

 

- Annonse -