Foto: Wikimedia Commons (cc-by-2.0-lisens)
- Annonse -

Kommentar: Russestyret på Stord reagerer på måten Sunnhordland legg skulda på russen for boskasting etter ein fest i Sponavikjo.

Av: Marie Knutsen Bruntveit, Stord Russestyre

Eg representerer russestyret på Stord vgs og, i samband med hendingane i går, vil me forklara kva som skjedde.

På vegner av russen vil eg seie at russen burde fått moglegheit til å komme med forklaring før Sunnhordland la denne artikkelen ut. Russen arrangerte i går ein kveld med grilling og kos i Sponavikjo. Dessverre gjekk dette over stokk og stein då fleire uinviterte mindreårige utanom russen kom for å bli med. Dette starta ut som grilling og utvikla seg til noko som ikkje er greit. Det var eit mindretal med russ der så ein kan difor ikkje seie at dette var ei felles handling av sjølve russen, sidan det ikkje lengre var eit russearrangement.

Russen har i alle år hatt eit rykte på seg for å vere uansvarlege, festglade ungdommar. Festglade er me, men me har vit nok til å ta ansvar for handlingane våre. Sjølv om dette som sagt ikkje i hovudsak er russen sin feil, så legg me oss flate og tar ansvar. Me har allereie folk i Sponavikjo som rydder opp, og prøver å gjere dette godt igjen. Me legg oss altså flate og lovar at dette ikkje skal skje igjen.

Likevel var det nødvendig å kome med denne forklaringa sidan Sunnhordland nok ein gong har brukt si overlegne makt som hovudmediet på Stord til å setje saker ut av samanheng for å lage den mest spanande historia for lesaren. Dette tek me i russen avstand frå, og skal motbevise anklagene mot oss vidare utover våren.

- Annonse -
- Annonse -