Bildet er eit illustrasjonsfoto og ikkje av den aktuelle bussen som vart stansa. Foto: Skatteetaten
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Det er sjølvsagt synd at dei ikkje får bruke bussen meir i russetida, men rusa ungdom som beveger seg rundt i ein buss i høg hastigheit er farleg.

Natt til søndag blei ein russebuss frå Haugesund stansa av utrykningspolitiet i Sveio.

Samtlege i bussen var utan setebelte og opphaldt seg på dansegolvet bak i bussen før dei blei stansa av politiet.

Sjåføren av bussen blei fråteke førarkortet på staden, og det blei i etterkant fatta vedtak om bruksforbod på bussen i to månadar, opplyser Sørvest politidistrikt i ei pressemelding.

– Det er viktig at russebussane forheld seg til dei lovane og reglane som gjeld for alle. Dette gjeld sjølvsagt også vegtrafikklova, seier politiadvokat Sveinung A. Andersen i politidistriktet.

Politiet understreker at eit tilfelle som dette får konsekvensar både for sjåføren og passasjerane som skulle bruke bussen framover.

- Annonse -

– Denne bussen blei køyrd på ein uforsvarleg måte. Etter vegtrafikklova kan det då bli lagt ned bruksforbod. Av tryggleiksmessige omsyn meiner politiet at dette er påkravd i denne saka.

– Det er sjølvsagt synd at dei ikkje får bruke bussen meir i russetida, men rusa ungdom som beveger seg rundt i ein buss i høg hastigheit er farleg, seier Andersen.

Politiet varslar at dei vil halde fram å ha fokus på kontroll på russen i trafikken.

Russen på Stord har i år for første gong sin eigen russebuss. Ein får vone at denne saka blir ei god påminning på kor viktig det er med trafikktryggleiken.

- Annonse -