Samfunnshusete på Litlabø.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein ambulanse på oppdrag til ein russefest på Litlabø måtte tilkalle politiet etter at den blei angripen av fleire ungdommar.

Nærare 200 russ hadde i følgje politiet samla seg til ein fest i samfunnshuset på Litlabø.

På eit tidspunkt i løpet av kvelden blei ein ambulanse tilkalt. Men då den kom til staden opplevde ambulansepersonellet nokre av dei rusa ungdommane som svært ubehagelege.

– Politiet rykka ut til ein russefest på Litlabø som hadde kome ut av kontroll. Mange rusa ungdommar på staden. Ein ambulanse som var på staden hadde blitt angripen av fleire av ungdommane, skreiv politiet på Twitter klokka 00.39 natt til søndag.

Operasjonsleiar Irene Ragnhildstveit opplyser til NTB at ingen personar kom til skade, men at ambulansepersonellet blei forhindra i å utføre oppdraget dei vart kalt ut til å gjere.

– Situasjonen blei ubehageleg for dei, seier operasjonsleiaren.

- Annonse -

Politiet valte å avslutte festen og sendte ungdommane heim. Politiet blei verande på staden, for å passe på at dei rusa ungdommane ikkje gjekk midt i vegbanen.

- Annonse -