Foto: Midtsiden
- Annonse -

Hendinga skjedde ved Miljøtunnellen på Heiane.

Victor Fenne-Jensen i operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt opplyser at den mannlege sjåføren i 40-åra vart stoppa like før klokka 21 onsdag kveld. Mannen vart teke med til legevakten for blodprøvetaking, sikta for køyring i påverka tilstand.

– Politiet føretok ein teikn- og symptomtest, samt ein såkalla drug test på staden, men det er den utvida blodprøven som vil seie noko om graden av rusen, informerar han.

Sjåføren vart stoppa i samband med ein trafikkontroll på staden, og vart såleis ikkje stansa som følgje av tips eller mistanke om ruskøyring i forkant.

– Det vart funne narkotika i bilen, men ikkje i stor mengd. Det har sannsynlegvis vore til eige bruk, seier operasjonsleiaren.

Han ønskjer ikkje å informere om kva slags narkotika det dreier seg om, men fortel at mannen er politimeldt og at førarkortet er inndrege.

- Annonse -

Mannen er heimehøyrande i Vindafjord kommune.