- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Låg fleire minuttar i det iskalde vatnet før han vart henta opp.

Det var kvart over 9 på søndag at politiet fekk inn melding om ein mann i 40-åra som vart teken opp av sjøen i Hamnegata i Leirvik sentrum.

– Ein berusa person seier at han subla og falt i sjøen, opplyser politiet.

Han blei ivareteken av helsepersonell på staden, før han blei frakta til legevakta.

– Han er oppegåande og blei køyrt til legevakta, fortel operasjonsleiar John Ask i Sørvest politidistrikt.

Høyrde han skrike

Politiet fortel at det ved alt hell var nokre tilfeldige forbipasserande som høyrde han skrike og kom hjelpande til.

- Annonse -
- Annonse -

– Det var nokre forbipasserande som høyrte at han skreik og fekk dratt han opp.

I følgje politiet har mannen vore i det iskalde vatnet nokre minuttar før han blei henta opp.

- Annonse -

– Eg ser for meg at han hang litt i sida på kaien og ikkje klarte å kome opp. Han var liksom ikkje langt utpå. Dei var tørre dei som drog han opp, seier Ask.

Politiet seier mannen framsto som berusa, men ikkje overstadig berusa.

- Annonse -