Det var i fjor at stordabuen blei stansa i fartskontroll. Foto: politiet
- Annonse -

Kvinna mista førerkortet på staden og kan venta seg ein streng reaksjon.

Fredag gjennomførte Utrykkingspolitiet ein fartskontroll på E39 ved Nordre Raunholm i Fitjar.

Den kontrollen gav gevinst.

Forutan to forenkla førelegg gjorde politiet også eit førarkortbeslag. Det skjedde då ein bil blei målt til svimlande 144 kilometer i timen.

Føraren var ei 18 år gammal kvinne.

– Ho blei i tillegg sikta for køyring i påverka tilstand, melder politiet.

- Annonse -