Illustrasjonsfoto: Daniel DeNiazi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein redningsskøyte blei sendt ut for å berge bømlingen i slutten av 20-åra, men så klarte han å kome seg til land sjølv. 

Politiet fekk melding om hendinga klokka 2.21 natt til laurdag.

– Meldinga kom frå ein som hadde køyrd på grunn, og som tok inn vatn. Han hadde også pådratt seg litt skader, fortel Kari Rørtveit, vaktsjef ved Haugesund politistasjon.

I samarbeid med AMK og Hovudredningssentralen blei det koordinert ein redningsaksjon. Men før redningsskøyta vart framme, klarte føraren å kome av grunna og fekk køyrd til land på eigen hand, trass i at båten tok inn vatn.

– Han gjekk då i land på Bømlo. Politiet fekk vite kor han kom i land og sto klar. Han blei då teken med til legevakta der han fekk sjekka skaden og teke promilletest.

Føraren var ein mann i slutten av 20-åra, heimehøyrande på Bømlo.

- Annonse -
- Annonse -

Politiet er ikkje i tvil om at mannen køyrde i promille, og han vil bli politimeldt for dette.

- Annonse -

– Han er mistenkt for promillekøyring, men skal ikkje ha vore overstadig rusa, seier Rørtveit.

– Kor dramatisk var denne hendinga?

– Han opplevde det nok dramatisk sjølv, i og med at det var han sjølv som meldte frå om at han hadde køyrd på land.

Båten han køyrde skal ha vore ein mindre motorbåt med påhengsmotor.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -