Illustrasjonsfoto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Blei teken hand om av ein skipper som kontkta politiet.

Klokka 18.30 onsdag kveld blei politiet kontakta av ein skipper på eit fartøy som låg til land i Leirvik hamn.

Skipperen fortalde at han hadde teke hand om ein båtførar som hadde køyrt i ring like utanfor hamna.

– Denne skipperen gjekk forbi med eit større fartøy og såg det var ein båt som gjekk i ring. Dei tok kontakt med han og fekk halt han inn til land. Dei har forklart at mannen framsto som rusa, fortel operasjonsleiar Olaug Bjørnsen i Sørvest politidistrikt.

– Var det fare for ei ulukke då dette skjedde?

– Han hadde iallfall ikkje kontroll på båten og gjekk litt rundt og rundt seg sjølv i følgje forklaringa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Båten er ei snekke på 27 fot, og den rusa båtføraren var aleine om bord.

Då politiet kom til staden låg båten inne til land. Der møtte dei også på føraren av båten, ein mann i 50-åra, heimehøyrande på Stord.

– Då fekk me konstatert at han ikkje var edru og blei framstilt for blodprøve.

Mannen skal ikkje vere ein kjenning av politiet.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -