Frå 1. september av blir han rektor på Stord ungdomsskule, etter at Anne Sissel Mugaas valde å gå av. Foto: Vindblikk
- Annonse -

– Som ungdom var eg heilt gjennomsnittleg, og gjorde det eg måtte av lekser og slikt. Eg har aldri vore noko skulelys, seier 47-åringen til Stord24.

Rune Valvatne Ask har lang fartstid i utdanningssektoren, både gjennom 15 år som lærar på Rommetveit skule, og i seinare tid som rektor på Litlabø.

No er han klar for nye utfordringar, og trer inn i ny stilling som rektor ved Stord ungdomsskule frå 1. september av.

Men trass i at mannen har tilbrakt store delar av livet sitt i skulemiljøet, var det aldri sjølvsagt at han skulle ende opp her.

Frå befal til skule

Ask hadde nemleg ingen planar om å utdanne seg som lærar.

Og rektor? Det var heilt uhøyrt på den tida, skal ein tru han sjølv.

- Annonse -

– Eg hugsar godt dei første medarbeidarsamtalene på Rommetveit med Torger Tvedten (red.mrk. dåverande rektor). Då fekk eg spørsmål om eg såg for meg å klatre opp karrierestiga og bli leiar, opplyser Ask.

– Kva svarte du då? 

– Då lo eg godt, og sa at eg maks skulle bli kontaktlærar.

Som 20-åring gjekk Ask inn i militæret og tok befalsutdanning. Her fekk han meirsmak på leiarskap, og søkte derfor på lærarskulen då han kom heim att.

Dette har han ikkje angra på ein dag.

Den perfekte lærar

– Eg trivst veldig godt her eg er. Dei eg jobbar i lag med, elevane, arbeidsmiljøet. Eg har møtt mange flinke folk som bryr seg og står på, og eg har sett kor mykje den enkelte lærar kan bety for elevane, seier Ask.

Sjølv er han oppvaksen på Valvatne med mor, far og ei søster, der han brukte mykje av fritida på Valvatne stadion – ein gammal fotballbane «ved bossdungen» som dei bygde opp med eigne mål og tribunar.

Favorittfaga på skulen var gymnastikk, historie og geografi. Matematikk har han aldri likt, slår han fast, og leksene blei alltid gjort i siste liten på morgonkvisten før skuletid.

– Som ungdom var eg heilt gjennomsnittleg, og gjorde det eg måtte av lekser og slikt. Eg har aldri vore noko skulelys, seier 47-åringen til Stord24.

Og på spørsmål om kva han hugsar best frå si eiga tid som elev på barneskulen, er det spesielt eitt namn som utmerkar seg:

– Maren Ottesen på Sagvåg skule har vore ei inspirasjonskjelde heile vegen. Viss det er ein barndomslærar eg hugsar, så er det ho. Ho hadde ein ekstrem varme og omsorg for elevane sine. Samtidig stilte ho forventningar og krav til oss, opplyser Ask.

– Den balansen mellom omsorg og krav trur eg er fasiten for alle lærarar i dag.

Foto: Vindblikk

Å prøve noko nytt

I 2012 gjekk Ask inn i rolla som rektor på Litlabø barneskule. På dette tidspunktet var det knappe 60 elevar på skulen, og ved fleire høve stod skulen i fare for å bli nedlagt.

Sju år seinare består Litlabø av nærare 130 elevar – ei utvikling som 47-åringen ser tilbake på med stolthet og glede.

– Skulen er betre rusta no enn då, både med omsyn til ute- og innemiljø. Det har vore utruleg kjekt å vere med på denne oppgangen, og me har fått til mykje bra saman i løpet av desse åra, seier han.

Før sommaren bestemte han seg for å søkje på stillinga som rektor ved Stord ungdomsskule. Han venta til siste dagen med å sende inn ein søknad, og fekk ikkje informert kollegaene på Litlabø før etter søknadsfristen var gått ut.

– Eg gjekk nokre rundar med meg sjølv før eg takka ja til jobben. Du veit kva du har, men du veit ikkje kva du går til. Alt skjedde liksom så fort. Samtidig følte eg meg motivert for å prøve noko nytt. Eg har aldri jobba med ungdom på den måten før, opplyser Ask.

Mål, motivasjon – og karakterar

– Er det noko anna å vere ungdomskuleelev i dag enn før i tida?

– Ja, det trur eg. I dag er det større press i forhold til dette med karakterar og måling. Ein blir vurdert på ein heilt anna måte. Om dette er positivt veit eg ikkje, seier han.

– Skal du lære noko, må det vere ut frå ein indre motivasjon. Ein skal bruke tid på å lære. Eg fryktar at ungdommane i dag er meir opptatt av målet enn prosessen. Ungdommar har nok press på seg.

Om ein månad trer Ask inn i den nye stillinga på ungdomsskulen.

Her håpar han at motivasjonen hans vil smitte over på elevane, og ønskjer vidare å kjempe for eit godt samhald og fellesskap på skulen.

– Det er klart at eg har mine ting som eg brenn for. Trivsel og inkludering er ting som bør ligge til grunn for alt arbeidet me gjer. Kulturen på ungdomsskulen må me byggje i lag, og alt må vere godt forankra i kollegia, slår Ask fast.

– Så det er ikkje nødvendigvis karakterane som er viktigast?

– Viss eg møter elevane mine om 10 år, kjem eg ikkje til å spørje dei om karakterar. Eg bryr meg om å treffe elevar som det har gått godt med, som har tru på seg sjølv, og som er blitt gode samfunnsborgarar.

 

 

- Annonse -