Stordpakken ville mellom anna ha finansiert ny sykkelveg mellom Heiane og Vabakken bli. Skisse: Statens Vegvesen
- Annonse -

Skuffa Stordpakken-forkjemparar måtte erkjenne endeleg nederlag i kommunestyret torsdag.

Kommunestyret røysta torsdag over bompengeringen Stordpakken for andre gong, etter at det førre vedtaket om venting på vegprising blei avvist av regjeringa.

Det gjekk slik som var venta på førehand: Dei store partia Arbeidarpartiet, Høgre og Framstegspartiet røysta nei til Stordpakken.

Då hjelpte det ikkje at KrF, Venstre, SV og MDG sine politikarar sa ja, sjølv om Sverre Olav Svarstad (H) som den einaste frå Høgre støtta pakken.

Stordpakken er dermed endeleg lagt bort av kommunestyret.

– Blir ingen vegutbetring

Ein av dei som er tydeleg skuffa over vedtaket er gruppeleiar i KrF på Stord, Torbjørn Brosvik. Han skriv følgjande i eit Facebook-innlegg:

- Annonse -
- Annonse -

«Beklagar Stord. Det blir diverre ikkje noko utbetring av veg på Stord i uoverskueleg framtid etter at kommunestret stemte ned Stordpakken i dag. #liteframtidsretta»

Beklager Stord. Det blir diverre ikkje noko utbetring av veg på Stord i uoverskuelig framtid ettersom kommunestyret stemte ned Stordpakken i dag. #liteframtidsretta

Posted by Torbjørn Brosvik on Tuesday, 18 December 2018

– Veldig synd for born og unge

Også Geir Angeltveit frå Venstre er blant dei som er skuffa. Han skriv mellom anna:

- Annonse -

«Det vert inga utbetring av Litlabøvegen i nær framtid. Det vert ingen ny kollektivterminal, tryggare skulevegar og samanhengande gang- og sykkelvegnett. 

Utbetring lokalt og pengar fråfylkeskommunen får me ikkje med mindre det vert lokal medfinansiering. Det skjønte Bømlo, Kvinnherad, Askøy, Bergen, Kvam osb.Veldig synd for born og unge, trafikktryggleiken, og byutviklinga på Stord.»

Det vert inga utbetring av Litlabøvegen i nær framtid. Det vert ingen ny kollektivterminal, tryggare skulevegar og…

Posted by Geir Angeltveit on Tuesday, 18 December 2018

– Verkeleg bra for Stord-samfunnet

Men det er heller ikkje vanskeleg å finne dei som jublar over vedtaket. Ein av dei er Høgre sin vararepresentant Andreas Hauge. Han skriv i ein kommentar på Facebook:

«Tusen tusen takk!!! Det var virkelig bra for Stordsamfunnet at Stordpakken vart lagt død. Kjempeflott at folk sin vilje sigra.»

Reinert Svanberg, som er aktiv medlem av Stord Frp, meiner det komande kommunestyrevalet har hatt noko å seie på røystinga:

«Det kan jo vera Stordpakken ville vore spiseleg for fleire dersom det ikkje kom på toppen av ei større auke i kommunale avgifter, SFO-kostnadar og eigedomsskatt. Det at det er val i år spelar sjølvsagd og inn.»

- Annonse -