Illustrasjonsfoto: Cassandra G. Jespersen/Stord24
- Annonse -

– Skuldast matos, opplysar Politiet i Sør-Vest.

Klokka 11:08 fekk politiet melding om røykutvikling i eit rekkjehus med eldrebustader i Buneset i Sagvåg.

– Me har akkurat kome fram, opplysar operasjonsleiar ved operasjonssentralen i Sør-Vest politidistrikt klokka 11:18.

– Innringar prøvde å få ut dei som budde der. Det ser ut som at røykutviklinga har skjedd i samband med matlaging, men dette har eg ikkje fått heilt verifisert.

Det vart sett i gang evakuering av bebuarane og klokka 11:20 opplysar Politiet i Sør-Vest på Twitter at naudetatane er på staden og at det ikkje er brann i bustaden.

– Røykutviklinga skuldast matos, skriv politiet.

- Annonse -