- Annonse -

Det var korkje folk eller dyr i bygninga.

Naudetatane rykka i 10.30-tida fredag føremiddag ut til melding om røykutvikling frå ein gardsbygning på Rommetveit.

Det var aldri snakk om opne flammar, og brannvesenet fekk veldig snart kontroll på røykutviklinga etter at dei kom til staden.

Politiet opplyser at meldaren har forsikra seg om at bygninga er tom og at det ikkje er nokon dyr der.

– Det oppsto røykutvikling inne i driftsbygninga som heldigvis eigaren var heime og oppdaga. Han hadde veldig god kotroll, men røyktutviklinga blei faktisk litt verre. Men det var ikkje opne flammar, fortel innsatsleiar i Stord brann og redning, Leif Rune Vad.

– Me hadde varmesøkande kamera og god kontroll på temperaturen, men røykutviklinga blei verre og verre. Det enda med at det ulma i nokre trelister rundt eit vindu.

- Annonse -

– Kunne dette gått gale dersom huseigaren ikkje hadde vore heima?

– Ja, det er klart at då hadde utfallet blitt ulikt. Men det blir spekulasjonar.