Rose Maiken Flatmo toppar Raudt si liste på Stord. Foto: privat
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Raudt har vind i segla nasjonalt. No vil dei inn i kommunestyret på Stord.

Torsdag haldt Raudt Stord nominasjonsmøte for årets kommunestyreval.

Rose Maiken Flatmo (63) vart nominert om partiet sin ordførarkandidat. Ho jobbar til vanleg som organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet i Sunnhordland, og er særleg oppteken av arbeidsliv i privat og offentleg sektor.

Flatmo har brei politisk erfaring, og sit også i Raudt sitt sentralstyre.

Ho har yrkesbakgrunn frå hotell- og restaurantbransjen og har vore tillitsvalt i NTP og er tidlegare kommunepolitikar.

På dei neste plassane på nominasjonslista finn me Tore Roth Blokhus (40) og Kristine Agersborg (30).

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Tore og Kristine er særleg opptekne av skule, barnehage og ungdomspolitikk, melder partiet.

Raudt gjer det for tida svært bra på nasjonale målinga. I eit partibarometeret for februar fekk partiet rekordhøge 7,6 prosent oppslutnad. Det er større enn kva Venstre og KrF fekk til saman på same måling.

Her er alle kandidatane til Raudt:

NamnFødselsårStilling
1Rose Maiken Flatmo.1955Fellesforbundet
2Tore Roth Blokhus1979Spesialpedagog
3Kristine Agersborg1989Butikkmedarbeidar
4Mohamed Kallel1963Industriarbeidar
5Per Christian Rognli1974Lærar
6Kristian Pedersen1971Elektrikar
7Kristina Hauglid2000Student
8Morten Almås1993Butikkmedarbeidar
9Ann Kristin Ersland1966Sjukepleiar
10Eirik Sverdrup1975Student
11Jonathan Berntsen1995Student
12Per Trygve Pettersen1959Industriarbeidar
13Einar Steinkopf1964Lærar
14Synnøve Kvile1984Lærar
15Maria Malmsten1964Musikar/frilans
16Eivind Sakseid1985Lærar
17Paul Morten Vikanes1985Arbeidsleiar
18Ann-Britt Sikveland1969Funksjonsleiar kjøkken
- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -