Stordabu Vegard Frihammer rosar Liv Kari Eskeland frå Høgre for å spenstig satsing på grøn skipsteknologi. Foto: Klimapartnere Hordaland
- Annonse -

Greenstat-gründer Vegard Frihammer gir ros til Liv Kari Eskeland for å ha vore sentral i å få partiet til å gi skipsfarten ei nøkkelrolle i den grøne omstillinga.

På landsmøtet til partiet tidlegare i månaden, vart det vedteke ein resolusjon om grøn omstilling.

Stortingsrepresentant Liv Kari Eskeland frå Stord har vore med å arbeida fram den omfattande resolusjonen. Her har skipsnæringa har fått ei særleg spesiell rolle.

Liv Kari Eskeland (H) Foto: Sysla

– I resolusjonen peiker me i fleire samanhenger på den maritime næringa. Den er utruleg framoverlent og ein del av løysinga. Dersom Noreg skal nå målet om 40 prosent reduksjon i klimagassutslipp innan 2030, må skipsfarten vere ein del av omstillinga, seier Liv Kari Eskeland til Maritimt Forum i Haugalandet og Sunnhordland.

Vil redusere utsleppa

I følgje resolusjonen vil Høgre at det skal bli utreda krav til null- og lavutsleppsløysingar for maritime tenester i nye olje- og gasskonsesjonar, stille krav om nullutsleppsløysingar på alle offentlege ferjeanbod. Arbeide for landstraum ved alle cruisehamnar i Norge innan 2025, og stimulere til auka bruk av hydrogen for å redusere klimagassutslepp.

Ein av dei som jublar over satsinga er stordabu Vegard Frihammer, som driv det bergensbaserte hydrogenselskapet Greenstat.

- Annonse -

Får skryt

– Regjeringa har fram til no vore passive til hydrogen. Me ser difor med stor glede på at Høgre no verkeleg har teke hydrogen inn i politikken sin, og basert på signala frå landsmøtet ser det verkeleg lovande ut, seier Frihammer.

Frihammer trekkjer også fram gode signal frå Høgre sitt landsmøte innan satsinga på havvind og satsinga på det statlege selskapet Fornybar AS.

– Me veit at Liv Kari Eskeland har vore ein viktig pådrivar for å få dette til. I Greenstat jobbar me partipolitisk nøytralt, men det er viktig å skryte av både parti og enkeltpolitikarar når god politikk vert vedteke.

- Annonse -