Gruppeleiar i Stord FrP, Sigbjørn Framnes, er uroa over budsjettet som er vedteke. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

DEBATT: «Koalisjonen ynskjer og evnar ikkje å minke driftskostnadane med effektiviseringstiltak. Det beklagar me på det sterkaste!» skriv Sigbjørn Framnes.

Av: Sigbjørn Framnes,
Gruppeleiar, Stord FrP

Etter å ha blitt presentert for rådmannen sitt forslag til budsjett, med store reduksjonar i tenestetilbodet for innbyggjarane og auke i eigedomsskatten søkte koalisjonen (Ap, Sp, SV og Krf) hjelp frå opposisjonen. Stord FrP var positiv til dette, i eit forsøk på å sikra at rekninga for ineffektiv kommunal drift ikkje uavkorta skulle sendast til innbyggjarane i form av auke i eigedomsskatten.

Dette lukkast me diverre ikkje med. Koalisjonen ynskjer og evnar ikkje å minke driftskostnadane med effektiviseringstiltak. Det beklagar me på det sterkaste!

Mindre robust budsjett vedteke

Me meiner at det vedteke budsjettet har mange svakheiter. Vi fryktar at inndekninga vert overskride og at fleire av «tiltaka» ikkje har inndekning i budsjettet.

Fleire av verbalpunkta legg opp til tyngre utgreiingar, og nokre har direkte kostnadar, utan å være finansiert. Mykje tyder på at nokre av verbalpunkta er lagt inn for at ein i det heile skulle kunne levera eit felles budsjett frå koalisjonen si side. Dette kan tyde på indre uro, om så er tilfelle er det synd om dette skal hindre betre og effektiv drift og eit reelt budsjett.

- Annonse -
- Annonse -

Når det ikkje er fnugg av vilje til effektivisering vert rekninga velta direkte over på innbyggjarane i form av auka eigedomsskatt! Når ein i tillegg ser at eigedomsskatten no i stor grad vert nytta til drift, og ikkje investeringar, vil me rope eit stort varsku. Om ikkje det skjer endringar er dette berre starten for unødvendig auke i skattetrykket på kvar einaste husstand i Stord Kommune.

- Annonse -

Det har sikkert vore gjort forsøk på tøffe prioriteringar i koalisjonen. Me undrast likevel på kvifor leikeareal i sentrum vert prioritert når budsjettsituasjonen er som han er? Det er vel å ta hardt i å seie prioritert, sidan tiltaket ikkje er finansiert i budsjettet. Den totale kostnaden for prosjektet er 1 million kroner og skal stå ferdig i løpet av 2019.

Effektivisering må prioriterast

I  dei seinare år er trenden at kommunale kostnadar eser ut. Dette kan ikkje fortsette. Tiltak må setjast i verk – ein må ha reell effektivisering. Om ein samanliknar drifta med samanliknbare kommunar, ser ein at ein har høgare kostnadar på fleire område. Her må det gjennomførast tiltak, og rådmannen har ansvaret for å avdekke potensialet.

Om ikkje ein klarer å effektivisera drifta må andre verkemiddel nyttast, som konkurranseutsetjing. Om ein ser på dei rekommunaliserte vasketenestene ser det ut til at dette har ført til varig lågare kostnadar og høg kvalitet. Dette viser at konkurranse verkar, også i kommunale tenester. Me er viss på at kommunalt drivne løysingar kan hevde seg i konkurransen og drivast med høg kvalitet, effektivt og kostnadsbevisst! Stord FrP er likevel heilt klåre på at rekninga for ineffektiv drift ikkje uavkorta skal sendast til innbyggjarane.

Her går truleg ei av dei største skiljelinjene i Stord-politikken. Me er heilt visse på at kommunen kan drivast meir effektivt. Me er og visse på at dette er betre for alle – innbyggjarane, brukarane, tilsette og kommuneøkonomi. Dette krev vilje til endring, og det har ikkje koalisjonen.

- Annonse -