Kommunalsjef Lovise Vestbøstad. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Rådmannen gjennomfører strakstiltak. Lovise Vestbøstad trer ut av rolla som kommunalsjef med ansvar for kultur og dei tekniske tenestene i Stord kommune.

– Stort sakstilfang, vakansar og at ein har måtta prioritere andre oppgåver har gjort at det har toppa seg den seinare tida, både når det gjeld reguleringsplanar og kommuneplanarbeid, skriv rådmann Magnus Mjør i eit notat.

Stord24 har tidlegare skrive om korleis planarbeidet i Stord kommune heng langt etter. Kommunedelplanen for Sagvåg/Litlabø skulle eigentleg vere ferdig i mai 2017. I fjor haust sa kommuneplanleggjar Andreas Moe Larsen at planen er å få planen til politisk handsaming før sommaren. No blir ho igjen utsett, til hausten 2019.

– Har ikkje kapasitet

Dette er berre ein av fleire større planar som kommunen no har frist på seg til å bli ferdige med.

Rådmann Magnus Mjør. Foto: Stord kommune

– Me har ikkje kapasitet til å halde tilfredsstillande framdrift og sakshandsamingstid, seier Mjør.

No gjennomfører kommunen strakstiltak. Lovise Vestbøstad vert no fristilt for oppgåva som kommunalsjef med ansvar for kultur og dei tekniske teneste.

- Annonse -

– Dette gjer ho for å kunna prioritere og verta meir operativ når det gjeld kommuneplanlegging og for eining for regulering, byggesak og oppmåling.

Ansvarsområda til Vestbøstad vil bli fordelt slik: dei tekniske tenestene vil rapportere direkte til rådmannen. Hamnestellet og brannvesenet vil rapportere til kommunalsjef Knut Gram. Kulturtenestene vil rapportere til kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt.

Planarbeidet i Sagvåg har vore utsett lenge grunna kapasitetsmangel i kommunen.

Tal på kommunalsjefar på eit minstenivå

Magnus Mjør understreker at dette ikkje kan vere ei langvarig løysing.

– Dette vil ikkje kunna vere ei permanent løysing. Stord kommune har frå før ei nøktern bemanning på overordna leiing. Tal på kommunalsjefar ligg på minstenivå i høve til kommunar me vanlegvis vert samanlikna med. Rådmannen finn det likevel rett å gjera dette som eit mellombels tiltak.

40 prosent av stillinga som prosjektutviklar er også blitt omprioritert til å arbeide med planarbeid.

- Annonse -