Styremedlem Kåre Bjørn Petterson og styreleiar/dagleg leiar Anja Kannelønning i Stord Taxi. Foto: Stord Taxi
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

07000 Stord Taxi har vurdert å flytte haldeplassen vekk frå Leirvik sentrum grunna dei vanskelege parkeringstilhøva.

Styret i taxiselskapet har teke opp saka med øvste politiske og administrative leiing i Stord kommune i samband med parkeringstilhøva som dei opplever som «katastrofalt vanskelege».

– No har parkeringstilhøva for taxiane våre brått vorte mykje dårlegare. Me har no 16 taxiar knytt til sentralen, og det er i beste fall plass til parkering av sju bilar i området rundt lokala våre i Nattrutekaien, skriv styreleiar Anja Kannelønning.

Langvarig anleggsarbeid

Det er om lag tre år sidan 07000 Stord taxi flytta ned til dei nye lokala på Nattrutekaien, i samband med bygginga av Meierikvarteret. No er det også anleggsarbeid på gang på Nattrutekaien.

– Anleggsarbeidet som vert utført på Nattrutekaien, og som nok vil gå føre seg ei god stund, medfører at det er fleire av parkeringsplassane me leiger som ikkje kan nyttast av oss.

No fryktar ho at eit nytt stort utbyggingsprosjekt, planane om bygging av hotell på Nattrutekaien, skal gjere tilhøva endå vanskelegare for sjåførane.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kannelønning opplyser at situasjonen er så krevjande at dei har vurdert å flytte sentalen ut av Leirvik sentrum.

– Me har faktisk vurdert ei flytting av haldeplassen vår vekk frå Leirvik sentrum for å kunne bøte på parkeringsproblematikken, men me ser at me då vanskeleg kan utføre det forventa samfunnsoppdraget vårt på tilfredsstillande vis.

Soloutspel

Stord24 skreiv i slutten av januar i år at taxiselskapet ønskte å ta over alle dei offentlege parkeringsplassane på kaien, noko som ikkje blei teke godt i mot av dei næringsdrivande i sentrum. Kannelønning understreker at dette utspelet kom på eige initiativ frå ein drosjesjåfør, og at styret ikkje hadde stilt seg bak desse formuleringane.

– Det var aldri, og er slett ikkje, meininga for taxinæringa å overta alle parkeringsplassar, men å gjerne gjere nokre byte og rokeringar, til beste for alle.

- Annonse -