Rommetveit møtte Hauglie i Stortinget denne veka. Då fungerte han som stortingspresident. Foto: privat
- Annonse -

Arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) avviser at Magne Rommetveit blei nekta å besøke Nav-kontoret på Stord.

Måndag skreiv Stord24 om at Nav måtte avlyse eit planlagt møte med stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) etter pålegg frå departementet.

Det førte til at Rommetveit stilte eit skriftleg spørsmål til arbeids- og sosialminister der han krevde svar på kvifor han blei nekta å møte leiinga og tilltisvalde ved Nav-kontoret.

Torsdag kom svaret frå Hauglie.

– Departementet nektar ikkje representanten å møte Arbeids- og velferdsetaten. Departementet legg til rette for besøk hos underliggande etat når Stortinget kjem me ein førespurnad om eit slikt ønske. Dette er etablert praksis når arbeids- og sosialminister ønskjer eit møte med Nav som ein del av ein komitéreise.

Ho skriv vidare at alle førespurnadar skal skje via departementet.

- Annonse -

Ap-toppen ristar på hovudet etter svaret han fekk frå Hauglie

– Denne statsråden får det travelt viss ho skal sitje i Oslo og vere dørvakt for alle Nav-kontora i lande. Det er meiningslaust viss me som stortingspolitikar berre skal kunne reise rundt i landet og heimfylket vårt som samla komité eller med førehandsgodkjet tilgang frå aktuell statsråd, seier Rommetveit til NTB.

Han viser til at han tidlegare som medlem i transportkomiteen ofte gjennomførte besøk utan godkjenning frå ein statsråd på førehand.

Rommetveit seier til NTB at saken vil få eit etterspel i presidentskapet på Stortinget.

- Annonse -