Stenar Røgenes og Neeta Sankholkar skal tale i høvesvik Leirvik og Sagvåg på 17. mai. Foto: Stord kommune/Kværner/Hordaland fylkeskommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Her kan du sjekke kva som skjer rundt om på skulane og i Leirvik sentrum på årets grunnlovsdag.

I år er det Leirvik Mannskor som har ansvaret for årets 17. mai-arrangement på Stord, eit ansvar dei tek på seg kvart tredje år.

Det er Kværner-direktor Steinar Røgenes som skal halde hovudtala i Parken i år.

Neeta Sankholkar, som arbeider som leiar ved vaksenopplærnga på Stord, skal halde dagens tale ved Nysæter kyrkje etter 17. mai-toget i Sagvåg.

Fellesarrangement Leirvik

07:00 Flaggheising ved støtta av Bård Haugland. Stord Musikklag, Leirvik Mannskor
og Speidarane deltek. Tale og nedlegging av krans på Bård Haugland og
minnemerket for Austri ved Geir Angeltveit. Morgontoget går gjennom Leirvik
til Døso. Leirvik Mannskor, Stord Musikklag og 1. Leirvik Speidargruppe går
vidare til sjukehuset der SM og LM spelar og syng. Leirvik Mannskor syng
også den 16. mai på Stord Sjukeheim, Knutsaåsen og Rehabsenteret.
10:45 Tale og nedlegging av krans til minne om dei falne ved Stord Kyrkje av
Per Jan Ingebrigtsen
11:00 Gudsteneste i Stord Kyrkje ved prostiprest Egil Larsen
13:00 Gratis film i Kulturhuset – Dyrene i Hakkebakkeskogene
15:00 Borgartoget stiller på Torget. Kvart lag stiller under sine faner/merker. Gjester
frå Stords vennskapskommune San Juan Comalapa, Sjå oppstilling og kart
bak i programmet.
15:30 Toget startar (sjå rute bak i programmet) NB! Ingen kjøretøy opp i Parken
16:00 Folkemøte i Parken. Talar for dagen er Kværner direktør Steinar Røgenes.
Stord Musikklag spelar, og Leirvik Mannskor syng. Talen i Parken vert
avslutta med Ja vi elsker.
17:00 Nasjonalfest i Frelsesarmeen. Fint program og god servering.
17:30 17. mai-fest for heile familien i Leirvik Bedehus. Lovsangbrødrene syng.
Bevertning, kollekt. Alle er hjarteleg velkommen.
17:30 Matin’e i Kulturhuset, med ulike aktørar. Billettpris: Voksne kr. 200,-
Born/ungdom under 15 år gratis

Leirvik skule

10.45 Borna møter på skuleplassen
11.00 Opning av dagen ved 7. trinn
11.15 Barnetoget går frå skuleplassen.
Rute: Vikabrekko – Osen – Nattrutekaien – Kaisvingen – Borggata – Torget –
Sæ – Vikabrekko – skuleplassen.
11.15 Kafèen på skulen opnar
12.15 Framsyningar av elevar ved skulen.
Etter framsyningane vert det leikar for store og små.
Sal av is, pølser, brus, kaffi og kaker…
14.00 Arrangementet er slutt.

Hystad skule

- Annonse -
- Annonse -

08.00 Flaggheising
09.30 Elevane møter på skulen og stiller opp på idrettsbanen.
Appell v/elevar i 7. klasse. Stord skulekorps spelar.
10.10 Avgang med marsj ned til Stord sjukehus, ned Sjukehusvegen og ut
Hystadvegen til kyrkja.
10.45 Tale med nedlegging av krans ved minnestøtta over dei falne.
11.00 Gudsteneste i Stord Kyrkje.
11.30 Leikar for barn på idrettsbanen.
Vinnarane av det beste innslaget i 17. maitoget vert kunngjort
12.00 Kafeteria i gymnastikksalen og pølsesal ute v/Stord skulekorps sitt
støttelag. Det vert sal av is, brus, kaff i og rømmegraut v/ 17. maikomitéen.
Kaféen opnar kl. 10.30. NB! Hugs mynt!
13.00 Arrangementet sluttar.

Foreldrekontaktane stiller opp klassane på idrettsbanen og føl dei i toget til kyrkja. Foreldrekontaktane har ansvar for at faner, fl agg og plakatar vert samla inn og plasserte i ein bil som står parkert utanfor kyrkjegardsporten. NB! Foreldra har ansvar for barnet sitt når 17. maitoget kjem til kyrkja.

Huglo

10.30 Flaggheising
11.00 Gudsteneste:
– 17. mai-tog
– Korpset spelar
– Ord for dagen v/ Ellen Nortveit
17. maifest i skulen:
– Matøkt (ta med mat og drikke sjølv)
– Leikar for små og store
– Sal av is, kaker og kaff e
– Fest i Bedehuset kl. 18.00

Langeland skule

08.00 Flaggheising.
09.30 Frammøte ved skulen. Elevane stiller opp.
Me syng nasjonalsangen vår.
Appell for dagen ved elevar frå 7.-trinn.
Toget i år går frå skulen via Eldøyvegen, Lauvdalen, Verftsvegen og attende
til skulen. Kiosksal og buffé opnar etter at toget er gått.
Tale for dagen ved Jakob Bjelland.
Elevinnslag.
Konsert ved Langeland skulekorps.
Etter konserten vert det leikar og filmframsyning.
13.00 Program ved skulen slutt.
Neste års 1. trinn inviteres med i toget under eiga fane (bak voksenkorpset).
Me oppmodar om å ikkje parkera bilane langs vegen der toget skal gå. Parkeringsplassane
ved skulen er forbeholdt rørslehemma. Me ber dykk parkera på Heiane
eller Vabakkjen. Betaling med vipps eller kontant.
17.30 17. maifest i Horneland bedehus. Tale ved Ingebrigt Sørfonn.

Rommetveit skule

08.00 Flaggheising på Rommetveit skule.
Korpset spelar under flaggheisinga
10.00 Gudsteneste i Aulaen.
Fredsdikt av elevar i 5. klasse. Rommetveit skulekorps spelar.
Nordbygdo 17. mai-kor og 5. klasse syng.
10.45 Barnetoget stiller opp i Borggarden etter oppsett plan.
Nordbygdo 17. mai-kor stiller opp i trappa.
10.55 Nordbygdo 17. mai-kor syng ” Gud signe Norges land” og
”Herlege Stordøy”.
Appell ved ordførar Gaute Epland
Alle syng to vers av ” Ja, vi elsker”
3 x 3 H U R R A !
11.10 Toget går. Ruta er den vanlege forbi Samhald og over Krokane.
11.55 Toget tilbake ved skulen.
12.00 Leikar på skuleplassen
Kafé i gymsalen.
Sal av pølser, brus og is frå salsboder ute på skuleplassen.
13.30 Arrangementet på skulen er ferdig.

- Annonse -

Felles barnetog 17. mai i Litlabø- og Sagvågsbygda

Toget går frå Sagvåg sentrum (Kiwi), via Buneset og forbi gamle Sagvåg skule.
Flaggborga vert boren av 7. Klassen på Litlabø skule. Toget endar opp ved kyrkja,
der me får dagens tale, holdt av Neeta Sankhokar
08.30 Frukost med andakt i Nysæter Kyrkje
09.45 Toget stiller opp.
10.00 Toget går frå Sagvåg sentrum, via Buneset eldrebustader og forbi
gamle Sagvåg skule.
11.00 Toget stoppar ved kyrkja, korpset spelar ”Ja vi elsker” og dagens tale
v/minnestøtta. Krans vert lagt ned på minnestøtta.
11.45 Arrangement ved skulane startar.
Tidsmessig går det bra med fellestog for så å tilslutta seg tradisjonelle arrangement på dei tre skulane. Me oppmodar alle om ikkje å gå til skulane før dagens tale er ferdig.

Litlabø skule

11.30 Kafèen opnar
Leikane startar
Loddsal
13.00 Underhaldning i gymsalen
Loddtrekning i gymsalen
14.00 Slutt

Sagvåg skule

11.30 Arrangementet startar
Velkommen og helsing i gymsalen.
Kaffeen opnar. Leikane starter.
12.00 Elevinnslag:
Appel v/ Ingvild og Lea frå 7. klasse.
Kunngjering beste klasse i toget.
12.45 Vinnarane av dei ulike konkurransane vert kunngjort.
13.00 Leikane sluttar. Arrangementet ved skulen sluttar.
Vel hjem, og takk for i dag!

Tjødnalio skule

11.30 Arrangementet ved skulen startar. Kafeane opnar.
12.00 Fanfare.
Appell ved 7. klasse.
Nasjonalsong – song og korps
Kunngjering av beste innslag i toget
Leikane startar
14.00 Arrangementet ved skulen sluttar
Rydding

Me oppmodar foreldra til å stå saman med borna sine under appellen og musikkinnslaga. Leikane og kafeen tek pause under desse innslaga. Me oppmodar også om at flest mogeleg tek med småpengar til bruk i kafeane. Det er plass til ca. 40 bilar ved skulen/barnehagen. Denne plassen vert stengt når det er fullt. Hjarteleg velkomne alle saman.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -