Kongeparken utanfor Stavanger. Foto: Kongeparken
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Stord Røde Kors ønskjer blest om ungdomsgruppa si, og ønskjer invitere på gratis tur til Kongeparken i påsken.

Dersom du er mellom 16 og 30 år, og har ingen planar for påsken? Då kan du bli med ungdomsgruppa til Stord Røde Kors på gratis tur til Kongeparken 12. april. Det vert satt opp buss frå Stord, og organisasjonen skriv at dette er ei flott måte å skaffe seg nye vener på.

– Dette er del av noko som i Røde Kors som heiter Multimix, som er sosiale arrangement der alle er velkomne. Her kan ein oppleve mykje spennande, som ballspel, bowling og konsertar, og ikkje minst få nye vennar, fortel leiar for Stord Røde Kors Ungdom, Siri Ånensen.

Treng fleire folk

Ånensen fortel at ungdomsgruppa førebels ikkje er så stor, og at nye medlemmer difor er veldig velkomne.

– Når me møter på folk informerar me dei alltid om at dei må bli med.

- Annonse -
- Annonse -

– Kva driv ungdomsgruppa på med til vanleg?

- Annonse -

– Akkurat no held me ikkje på med så mykje, men me jobbar med nokre kampanjar. Ein av kampanjane heiter «Du er god nok», som er retta mot ungdom som er veldig stressa i kvardagen med mykje forventningspress knytt til skule. Me har planar om å dra rundt på skulane og snakke om det.

Lærerikt og kjekt

Til vanleg møtes ungdomsgruppa i sentrumsgarden i Leirvik sentrum (Stomas-bygget), der det å ha det kjekt saman er noko av det viktige.

– Røde Kors skal vere både lærerikt og kjekt, seier Ånensen.

Dersom du er interessant å bli medlem av ungdomsgruppa, eller om ein har lyst på ein tur til Kongeparken i påsken, så kan ein melde seg på til Siri Ånensen via Facebook-gruppa til Røde Kors ungdom.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -