Robert Delis etablerer seg i Byrunet, rett over gata frå der han frå før driv Osvald pub. Foto: Google
- Annonse -

Tek over etter 59 Grader, og vil mellom anna by på mellom anna tapas, pizza og øl frå mikrobryggeri.

Serveringslokala i første etasje i Bytunet har stått tomme sidan 59 Grader gjekk konkurs tidlegare i år. No er det klart at det snart blir liv igjen i lokala. Robert Delis og sambuaren har søkt kommunen om løyve til å drive tapasbar i lokalet.

– Her vil me servere grøn tapas, spekemat, gode ostar, brød, oliven, pizza og dagens varmrett, kjem det fram i søknaden til kommunen.

Opningstidene skal vere kvar dag frå kl. 11 til 23, og vil tilby eit breitt utval av store og små matretter.

Lokale ølbryggeri

Det skal også vere eit godt utval i drikkevarer, med kaffi, juice og smoothies, samt gode øl frå lokale og internasjonale mikrobryggeri. Det er søkt om servering av alle typer alkoholhaldig drikke.

- Annonse -

– Det skal vere aldersgrense 20 år, og staden er retta mot vaksne folk med god smak, opplyser eigarane til kommunen.

Lorraine Mifsud vil vere dagleg leiar for den nye etestaden, som vil vere eigd av selskapet Mifsud-Delis AS, der Robert Delis og sambuaren Lorraine Mifsud er oppført som eigarar.

Robert Delis er kjend som innehavar av Osvald pub, rett over gata. Tidlegare dreiv han i mange år Café Delis på Sunnhordlandskaien.

Spennande konsept

– Dette er me veldig glad for. Det er eit spennande konsept han skal til med. Dette vil vere med på å trekkje folk til senteret, seier Bodil Bekkenes som representerer eigarane av Bytunet.

– Kvifor trur du at det nye konseptet vil lukkast betre enn 59 grader?

– Robert har drive med dette i veldig mange år, og han veit kva han balar med. Så eg har veldig god tru på han.

Det vesle butikksenteret er inne i ein god driv for tida, då også Tysnes sparebank opna filial denne veka.

– Me har vore heldige. Me har fått tak i gode leigetakarar og har hatt gode leigetakarar som har vore her i lengre tid, seier Bekkenes.

- Annonse -