Sunnhordland tingrett.
- Annonse -

Politiet måtte svare heile 94 oppringingar frå 50-åringen frå Stord i løpet av to dagar. Retten meiner likevel mannen ikkje skal straffast.

Det første tilfellet av telefonterror mot politiet skjedde i dei små nattetimar ein sommardag i 2016. Han ringte då til politiet 14 gongar for å seie kor misnøgd han var med politiet sitt arbeid. 50-åringen brydde seg ikkje om at politiet ba han ringe igjen på dagtid.

Så gjekk det eit halvt år, før mannen igjen ville gi politiet ein tydeleg beskjed. I løpet av 2,5 time i januar 2017 ringte han til Stord lensmannskontor heile 80 gongar.

Plagsomt

Dette meinte Sør-Vest Politidistrikt var så plagsomt at sette mannen under tiltale for brot på straffelova § 266, for krenking gjennom plagsom og omsynslaus åtferd.

Ein politibetjent forklarte i retten at det var tale om mange telefonoppringningar og at ho vart bekymra over at dette opptok ein av lensmannskontoret sine tre inngåande telefonlinjer. Etter kvart måtte ein berre plukke opp telefonen og legge på utan å snakke med tiltalte. Politibetjenten har forklart at han blei oppgitt av dette og at det var slitsomt.

- Annonse -

Det gjennomgåande temaet i samtalane var at 50-åringen klaga over at politiet ikkje gjorde noko med narkotikahandelen på Stord.

Ikkje grunnlag for straff

Sunnhordland tingrett meiner det ikkje er grunnlag for å gi straff til 50-åringen for desse episodane.

– Etter rettens skjønn er det ikkje grunnlag for domfelling. Retten viser til at det er tale om oppringning til lensmannskontorets telefonnummer, og ikkje til ein polititenestemann privat.

Retten viser til at mannen ikkje kom med nokre sjikanøse uttalar, og at oppringningane difor ikkje fell inn under straffelova som går på krenking.

– Sjølv om gjentatte oppringingar er eit stressmoment, og belastande for dei tilsette, finn retten at dette aleine neppe er tilstrekkeleg for at åtferda fell inn under straffelova. Retten peikar på at det ikkje har kome fram at handlemåten har krenka polititenestemennene sin. Handlinga er ikkje retta spesifikt mot enkeltpersonar, og det er nokså klart at dei ikkje har hatt sjikanøs hensikt.

Dømt for herjing

Mannen vart likevel dømt for eit tredje forhold. Bakgrunnen er at han hadde eit møte på kontoret til ein tilsett i Stord kommune, i samband med at han hadde fått ein vasskade på bustaden sin.

Då kommunen ikkje kunne hjelpa han blei han svært sint, og tok tak i bordplata på møtebordet og tippa det rundt. For dette forholdet vert han dømt til 18 dagar fengsel på vilkår med ei prøvetid på to år, og 5000 kroner i bot.

- Annonse -