Martin Holmen og Arian Engebø drar i gang direktesendinga frå Rimbarei skule torsdag morgon klokka halv sju. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Elevane på Rimbareid skule fekk ein skuledag utanom det vanlege i dag, når NRK mP3 sender direkte frå skulen frå klokka halv sju.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Rundt 25 morgonfriske elevar hadde møtt opp i amfiet på Rimbareid skule i dag då programleiar Martin Holmen i NRK mP3 fyrte i gang dagens direktesending «Endelig morgen». Dermed var tidenes skuleavslutning i gang på Rimbareid!

Elevane hadde tydelegvis ikkje noko problem med å koma seg opp i dag. Inspektør Thor Gunnar Bakke fortel at eit heilt knippe ungdommar var på palss då han kom på jobb i dag klokka fem over seks!

Direktesendinga frå amfiet på skulen varte fram til klokka 10. Deretter blei det ymse program utover dagen, og ungdomsskuleelevane hadde ikkje vanleg skule i dag.

Julian Helland og klassekameratane hans hadde ingen problem med å koma seg opp i dag. Foto: Kjetil Rydland.

På programmet utover føremiddag står blant anna Lucia-tog rundt om i klasseromma på barneskule. «Lucia» er mP3-programleiar Martin Holmen. Han skal òg baka peparkaker.Utpå dagen blir det gaming i amfiet.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

P3 Gaming kjem, det blir juleverkstad og julehygge, og youtubarane Agnetesh og Isabell Eriksen er med heile dagen.

I kveld møtest crewet frå NRK mP3 og elevane igjen i gymsalen på Rimbareid til eit stort show. Blant andre kjende artistar skal Vidar Villa og Ylva Olaisen opptre. Etter kvart blir det diskotek med DJ Peder Haugfos i PS Diskotek.

Mot-coach Marte Belsvik Hansen lovar også ei og anna overrasking i form av fleire kjende namn under kveldens konsert og «juleball».

Glimt frå Rimbareid skule i dag klokka 06.30 ser du på denne korte videoen.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -