- Annonse -

Bilutleigeselskapet vurderer Stord som ein av ti nye norske byar dei ønskjer å etablere seg i.

– Stord og distriktet rundt ser me på som svært interessant, og me er interesserte i å etablere oss her, i samarbeid med ein lokal franchisetakar, opplyser dagleg leiar Tom Weum i Rent-A-Wreck i Skandinavia til Stordnytt.

Forretningsideen til bilutleigeselskapet er å tilby eit rimelegare leigebilalternativ for dei som kanskje ikkje er så opptekne av å køyre dei flottaste bilane.

I dag er Rent-A-Wreck lokalisert i 31 norske byar. I 2018 ønskjer dei altså å utvide verksemda til 10 nye stadar.

Det er ikkje første gong at den amerikanske kjeda snusar på Stord. Seinast i 2016 sendte Weum ut ei pressemelding der dei også såg etter ein lokal franchisetakar til å drive på Stord. Om dei lukkast denne gongen, gjenstår å sjå.

- Annonse -