Remi Natvik har vore i trenarapparatet til Aalesund FK sidan i fjor. Foto: AAFK/Marius Simensen
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Remi vil opp og fram, og dette er eit naturleg steg vidare for han, seier tidlegare AaFK-trenar til BA.

Få månadar etter at Natvik skreiv under ny kontrakt for å bli hovudtrenar for Aalesund FK sitt andrelag, skriv Sunnmørsposten i dag at han kan vere på veg bort frå klubben.

33-åringen frå Stord skal nemleg vere ønska som trenar for damelaget til Arna-Bjørnar i toppserien. Avisa skriv at stordabuen skal vere klubben sitt første val for overtakinga av trenarvervet i klubben.

Natvik har ikkje svart på førespurnader frå avisa.

Også BA skriv at Natvik truleg blir ny trenar i bergensklubben.

– Remi er ein veldig fin type, som menneske og fotballtrenar. Dette trur eg er ein jobb som vil passe han utmerka, seier tidlegare Aalesund-trenar Trond Fredriksen til avisa.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Han er flink til å få fram bodskapen sin. Og så er han flink til å sjå alle spelarane. Det er viktig. Remi vil opp og fram, og dette er eit naturleg steg vidare for han.

Avisa erfarer at stordabuen vil bli presentert som trenar i løpet av dei nærmaste dagane.

Arna-Bjørnar hamna på bronsjeplass i toppserien i for.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -