Rema 1000-kjøpmann Jan Stian Taule er fortvila over stadige kanselleringar på sambandet Halhjem-Sandvigvåg. Foto: Fp-arkiv
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Jan Stian Taule frå Os pendlar dagleg til Fitjar, og er blitt hardt råka av kanselleringane og rotet på ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg.

I snart fire månadar har kanselleringar, forsinkingar, ferjer ute av drift, motorstans og nye ferjer som tek inn vatn prega eitt av Norges mest trafikkerte ferjesamband.

Etter at Torghatten Nord tok over sambandet frå nyttår kan dei fleste einast om at det har vore rot frå ende til annan.

Men då dei fleste av oss berre treng å bruke sambandet inni mellom, er det andre som blir hardt råka av alle kanselleringane.

– Ein stor belastning

Ein av dei er Rema 1000-kjøpmann Jan Stian Taule i Fitjar. Dagleg er han avhengig av å bruke ferja til og frå jobb. Det er lenge sidan han fekk nok.

– Det er rett og slett ein stor belastning å ikkje vite kva tid ein kjem seg heim. Det er fortvilande når dette har vore så langvarig. Du går inn i ein tilstand av å vere totalt oppgjeven. Eg har sluta å vere sint, no er eg berre fortvila.

- Annonse -
- Annonse -

– Kva konkrete følgjer får alle kanselleringane for deg i kvardagen?

– Du må alltid vere på alerten med ungar som skal hentast. SFO’en held ikkje langope sjølv om Torghatten Nord innstiller avgangar. Eg har jo også kome for seint på jobb slik at ein må prøve så godt ein kan i ein hektisk kvardag å jobbe inn igjen ein time.

Taule har rekna ut kor mykje tid han brukte  på pendling i februar i år.

– Eg rekna ut at eg hadde brukt to døgn meir på pendling i februar i år samanlikna med tilsvarande periode i 2018. Berre på grunn av forsinkingar, innstillingar og lenger overfart.

- Annonse -

Spøka om å bli pantegut på fastlandet

Sjølv om Taule ikkje har vurdert å gi seg som Rema-kjøpmann på Ftjar, seier han det går på motivasjonen laus.

– Det går jo ut over alt som heiter motivasjon og humør. Det er jo til slutt familien og dei tilsette dette går ut over. Når det sto på som verst var eg på telefon til sjefane mine og spurte om dei hadde ein jobb som pantegut på fastlandet, berre for å sleppe under makkverket. Det var sjølvsagt sagt med glimt i auga, men det er fortvilande.

Osingen fortel at han får mykje sympatierklæringar av folk på Fitjar som handlar hos hann.

– Dette er jo eit stort samtaleemne. Eg snakkar jo dagleg med kundar, og eg har aldri fått så mykje sympati i heile mitt liv som det eg har fått etter 1. januar.

Torghatten Nord beklagar

Administrerande direktør i Torghatten Nord, Torkild Torkildsen, seier han har forståing for fortvilinga til Taule.

– Me har sjølvsagt forståing for at dette skapar frustrasjon. Me beklagar sjølvsagt at det har vore ein del driftsforstyrringar i dei første månadane, og at me ikkje har fått permanent materiell på plass. Det er det berre å beklage.

– Men er det hjelp i å beklage når kanselleringane berre held fram?

– No er det fire nye båtar i sving, pluss ein reserveferje, så ikkje berre trur me, men me er trygg på at regulariteten blir slik som den var før. Så er det også blitt høgare frekvens. Det skal openbart ikkje vere som slik det har vore.

- Annonse -