Butikksjef ved Rema 1000 Bjelland i samtale med politiet etter ranet. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ingen vart skada då Rema 1000-butikken på Bjelland blei rana med kniv i dag tidleg.

Politiet fikk melding om ranet, som skal ha blitt begått med kniv, klokken 09.01 i dag tidleg.

Raneren, ein mann i 40-åra, vart arrestert kort tid etter ranet.

– Status er at me framleis held på med etterforsking for å få avklart kva som har skjedd og for å sha sikra bevis. Me har pågripe ein person som me antek er gjerningsperson, seier Victoria Hilveg, tilsett ved operasjonssentralen i Sørvest politidistrikt.

Rema 1000 på Bjelland. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Kjenning av politiet

Han blei arrestert utan dramatikk på ein adresse i nærleiken.

– Dette er ein mann i 40-åra. Det er ein person me veit kven er frå før.

- Annonse -

Politiet måtte bryte opp ei dør for å kome seg inn i leilegheita til mannen.

– Kva kan du seie om dei tilsette som blei utsett for ranet?

– Me har ein patrulje på staden som er i gang med bevissikring, men me har ikkje informasjon om kor mange som var på jobb då ranet skjedde.

Fleire patruljar dreiv etterforsking på staden etter ranet. Foto: Jonas Sætre/Stord24

– Skremmande å sjå

Ransutbyttet skal vere ukjent, opplyser politiet.

Stord24 har snakka med eit vitne som ønskjer å vere anonym som såg knivranaren då han var på veg inn i butikken.

– Han gjekk forbi her og eg såg då han trekte opp ein kniv som han hadde på innerlomma på jakka. Det var skremmande å sjå.

Det skal ha vore to personar i butikken då ransmannen kom inn i butikken..

Rema 1000-butikken var open igjen for handel kort tid etter at ranet skjedde.

Stord24 har snakka med butikksjefen på Rema 1000 Bjelland, som ikkje ønskjer å kommentere saka.

- Annonse -