Langeland skule. Foto: Stord kommune
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Når ein ikkje har hald i saka så skapar ein gjerne meir frykt enn ein treng ved å gå ut med åtvaringar, seier rektor Anita Eriksen.

Fredag kveld blei politiet kontakta av foreldra til ein gut i 10-årsalderen i Kårevik-området, som forklarte at guten hadde blitt jaga av ein svartkledd mann.

Seinare på kvelden fekk politiet også ein telefon frå ein person som varsla om ei liknande hending tidlegare.

På sosiale media skriv bebuarar i området om fleire ulike hendingar som Stord24 ikkje har fått stadfesta av politiet.

Jente skal ha blitt halden av mann

Rektor ved Langeland skule, Anita Eriksen, fortel at ho i desember politimelde ei hending etter at ei jente vart utsett for ei ubehageleg oppleving på veg til skulen.

– Me tok kontakt med foreldra og melde denne saka til politiet med ein gong jenta kom på skulen.

- Annonse -
- Annonse -

Eriksen ønskjer ikkje å gå i detalj om kva jenta forklarte at ho vart utsett for.

– Dette var ein elev som kom til skulen som hadde opplevd noko ubehageleg på skulevegen. Noko meir enn det er det politiet som må svare på.

Lensmann Roald Raunholm seier at hendinga skjedde 21. desember, siste skuledag før jul.

- Annonse -

– Det var rapportert om ei jente som blei halden og teken på skuldera av ein mann. Det var altså fysisk kontakt involvert. Ho hadde då sprunge til skulen og gitt beskjed om dette til lærarar. Me har oppretta sak på dette og etterforska, men me har ikkje noko gjennombrot i saka, seier Raunholm.

Vil ikkje skape frykt

Rektoren seier at ho ikkje har vore involvert i andre saker etter denne hendiga.

– Konkret har det berre vore denne eine saka, og så har det også vore nokre saker i mai/juni som me kontakta politiet om. Men det var grunna ei rykteflom som gjekk.

– Kvifor vart ikkje alle føresette på skulen informert om hendinga i desember?

– Det me gjorde i desember var å kontakte politiet. Saka blei så lagt bort av politiet fordi det ikkje var noko bevis i saka. Då må me vere ryddige om kva som er reelt eller ikkje reelt. Når ein ikkje har hald i saka så skapar ein gjerne meir frykt enn ein treng ved å gå ut med åtvaringar.

Rektoren meiner det politiet si oppgåve å varsle befolkinga om slike hendinger.

– Eg er absolutt oppteken av at elevane skal gå trygt til skulen, men det er politiet som må ta ansvar ved å varsle foreldre i ulike sonar. Eg har berre hatt ei konkret sak, og der har eg gjort det eg skal gjere.

- Annonse -