Foto: Engevik Byggsenter
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Byggeforhandlaren Engevik Bygggmester AS har aldri gjort det så bra som i fjor. Eigarane Stian og Jens Tore Engevik kan notere seg eit resultat før skatt på 6,8 millionar kroner. 

– Me er jo veldig nøgde med dette resultatet. Det er ein konsekvens av at me har veldig dyktige handverkarar med oss, og at me er på rett veg, fortel styreleiar Jens Tore Engevik.

Bedrifta omsette i fjor for 86,6 millionar kroner. Det er ein markant auke frå 2017, då dei omsette for 62 millionar kroner.

Innbringande byggeprosjekt på Heiane

Sjølv om rekneskapa viser at byggsenteret har vore ein veldriven bedrift i fleire år, vedgår Engevik at det ein spesiell grunn til at fjoråret enda så bra.

– Me tente bra på spesielt eit byggeprosjekt, der me førte opp eit næringsbygg i eigen regi.

Det var nemleg Engevik Byggmester som førte opp det nye næringsbygget like bak Bohus, der Rusta og Thansen opna butikk i fjor.

Engevik Byggsenter tente stort på bygginga av næringsbygget der Rusta og Thansen held til. Foto: Rusta

Nær sju mill. i pluss

- Annonse -

Prosjektet viser tydeleg att på botnlinja. Dei siste åra har byggsenteret hatt eit resultat før skatt på rundt éin million kroner. I fjor blei tilsvarande resultat på solide 6,8 millionar kroner.

Det gode resultatet gjorde at dei to eigarane tok ut eit utbyte på éin million kroner. Det er første gong sidan 2015 at det er blitt teke utbyte frå bedrifta.

Sjølv om byggsenteret rettar seg mykje mot privatkundar i regionen, fortel styreleiaren at den største delen av omsetnaden kjem frå bedriftskundar.

– Eg vil tru omsetninga består i 60 prosent næring og 40 prosentprivatkundar. Me gjer jobbar for store entreprenørar og ikkje berre private kundar.

Kundar over heile Norge

Engevik fortel også om eit svært innbringande flisesal, der dei etter kvart har oppnådd kundemasse over heile landet.

– Me driv jo tungt innan flisar og golv, og me selv flisar for heile Norge. Det er det nok ikkje så mange som er klar over. Me har sikkert tusen pallar med flisar inne på laget nett no.

Bedrifta har ein reisande seljar som sørgjer for leveransar rundt om i landet. Engevik kan fortelje at dei nyleg har sikra ein storkontrakt for eit hotell-kompleks på Austlandet.

– Me har fått tillit hos Thon-gruppen, og der er det ikkje lett å kome inn. Me skal gjere ein stor fliseleggingsjobb for dei på eit hotell og hyttekompleks på Sjusjøen.

– Det er kjekt at me har såpass tillitt i marknaden. Det må betyr at me gjer noko rett, seier Engevik.

- Annonse -