Frå testfasilitetane til Kværner på Heiane Vest. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Ni personar har testa positivt for koronaviruset på Stord.

Det har vore nokre svært rolege veker med nye koronatilfelle på Stord, men tysdag melder Stord kommune om eit markant hopp på statistikken.

Det er snakk om ni utanlandske arbeidarar som jobbar på Aker Solutions, som no har testa positivt for Covid-19.

Arbeidarane testa positivt på den første testen etter ankomst.

– Dei er alle isolerte og utan symptom, melder Stord kommune.

Det har aldri vore meldt om fleire koronasmitta utanlandske arbeidarar på ein dag på Stord. Det totale smittetalet på Stord er no oppe i 148.

- Annonse -