Stord mottakssenter på Heiane og Litlabø EMA-mottak er to av tre mottak som vil stå att etter nyttår.
- Annonse -

UDI kan ikkje garantere framtida for mottaka på Stord dersom tala på asylsøkjarar held seg så låge som no.

I 2015 kom det rekordhøge 31.150 asylsøkjarar til Norge, og heile landet stod på hovudet for å etablere nok asylmottak for å ta i mot alle som kom. På Stord vart Litlabø mottak etablert, og det var konkrete planar om å etablere mottak i Podlen-bygget i Sagvåg, i Sagvåg sentrum og eit kommunalt mottak i Nordbygdo.

Men i 2016 fall talet på asylsøkjarar markant, til rekordlåge 3460 asylsøkjarar. Talet har vore på same nivå i 2017, og i oktober i år kom det berre 175 asylsøkjarar, det lågaste på 20 år.

Regiondirektør i UDI Vest, Stig Arne Thune. Foto: UDI

– No er det langt færre som kjem inn på mottaka enn dei som går ut av mottaka og skal busetje seg i kommunar. Det betyr at me for tida har ein veldig overkapasitet som har gjort at me har lagt ned mottak i fleire rundar, seier regiondirektør i UDI Vest, Stig Arne Thune

To av tre på Stord

I siste runde med nedleggingar vart mellom anna mottaket i Ullensvang bestemt nedlagt frå nyttår. Det betyr at det berre er tre mottak igjen i Hordaland. Eitt ligg på Arna i Bergen, og dei to andre ligg på Stord: på Heiane og Litlabø.

- Annonse -

– Når me legg ned mottak gjer me ein heilskapleg vurdering som går på pris, kvalitet og geografi. Grunnen til at er to mottak igjen på Stord er noko tilfeldig, og det går heller ikkjke an å samanlikne dei to sidan det er eitt for einslege mindreårige og eit for vaksne.

UDI skriv på nettsidene at målet deira er 85 prosent belegg på mottaka.  I januar budde det 12.700 på mottak i Norge, og i slutten av oktober var talet redusert til 6200. Dei fleste av desse ventar på busetjing i ein kommune eller har fått endeleg avslag.

Difor vil det framleis vere høg overkapasitet på mottaka, sjølv med svært mange nedleggingar av mottak så langt i år.

– Kan ikkje garantere

– Eg kan ikkje garantere for levetida for dei to mottaka på Stord. Dersom det fram med så låge tal så seg eg ikkje bort i frå at det kan bli snakk om nedleggingar. Men per i dag har me ikkje bestemt oss for dette.

– Kor mykje vektar de geografiske avstandar når de skal avgjere kva mottak som skal leggast ned?

– Me ønskjer jo å ha mottak over heile landet. Då vil jo nedbygginga ta omsyn til dette. Men det er viktig for meg å seie at om det er eitt eller to mottak på Stord er meir tilfeldigheiter enn noko anna.

–  Hypotetisk kunne dei vore i to ulike kommunar, men me er veldig nøgd med mottaka på Stord, og Stord kommune er ein veldig god vertskommune for oss.

Råkar mange

Regiondirektøren seier at nedlegging mottak er noko dei ikkje tek lett på, då det råkar så mange.

– Det er veldig krevjande å legge ned mottak, for det råkar så mange. Det råkar bebuarane, dei tilsette som mistar jobbane sine, det råkar vertskommunane som mister tilskot og det råkar det lokale næringslivet. Det er mange arbeidsplassar og stor omsetnad rundt eit mottak.

Mottaksleiar ved Litlabø mottak, Håkon Frode Særsten, sa til Stord24 tidlegare i haust at han er optimistisk med tanke på at mottaket kjem til å overleve.

– I denne bransjen skjer det så mange ting så fort, så me er ikkje garantert for ikkje å bli utsett for nedlegging. Men me har vurdert det slik at så lenge med køyrer på med høgt nivå med omsorg og kvalitet, så ligg me godt an. Men det er også alt me kan gjere, sa Særsten.

Stord mottakssenter på Heiane har sju tilsette, pluss eit kontor for kommunal helsesøster i 50 prosent stilling. I tillegg er det fleire stillingar knytt til barnehagen. På Litlabø er det til saman rundt 15 tilsette fordelt på heiltids- og deltidsstillingar. I tillegg kjem stillingar knytt til Vaksenopplæringa.

- Annonse -