Vidar Aarskog og Fitjar Idrettslag fekk besøk av to toppidrettsmenn i går, Senay Fissehatsion sette ny, suveren løyperekord, og Michael Ande Tesfamichael var ikkje stort dårlegare. Foto: Kjetil Rydland.
- Annonse -

Kim Laitinen frå Stord måtte nøya seg med tredjeplassen etter at to toppløparar frå Oslo tok turen til Fitjar og smadra løyperekorden.

Av: Kjetil Rydland, Fitjarposten

Vêret skremte ikkje løpshungirige sprekingar frå å stilla opp, og det blei rekorddeltaking i årets Midtfjellet Halvmaraton. Heile 41 fullførte den lengste løypa, og 28 den korte løypa på 5419 meter.

Og det var ikkje berre mosjonistar som var ute og famla i skodda denne laurdagen. Frå Oslo kom dei to toppløparane Senay Fissehatsion, Tjalve, og Michael Ande Tesfamichael, BUL.

Nye løyperekordar

Dei smadra løyperekorden, og den gamle kjenningen Kim Laitinen frå Stord måtte nøya seg med tredjeplassen, sjølv om han sprang eit godt løp. 1.16.18 lyder den nye rekorden til Senay Fissehatsion på.

I dameklassen sette Maryna Novik frå Klypetussen ny løyperekord på 1.29,28, nesten eit halvt minutt betre enn den gamle løyperekorden, som ho sette sjølv for to år sidan. Men også dei tre neste damene på lista imponerte stort, Ann Kristin Mosbron, Gunhild Pedersen og Nora Markhus var ikkje så langt bak.

Nina Aarbø Olsen og Lars Lunde vann kvar sin klasse i 5419-løypa. Foto: Kjetil Rydland
- Annonse -
- Annonse -

Beste Fitjar-løpar blei Lars Andreas Larsen på tiandeplass totalt med tida 1.42,28. Unge Larsen var vel eit minutt føre Magne Skumsnes, som fekk tredjepremien i klassen M45-64.

I den korte løypa, på 5419 meter, markerte Fitjar-løparane seg noko betre. Nina Aarbø Olsen frå Fitjar vann den raskaste dameklassen, K19-34, i den korte løypa på 5419 meter. Ho sette ny løyperekord, og ei tid som heldt til sjuandeplass totalt.

Gjekk seg ville i skodda

Arrangementet i lett regn og skodde gjekk nesten prikkfritt, trass i det litt stusselege vêret. Skodda skapte utfordringar for eit par av maratonløparane, som tok feil då dei skulle svinga nordover mot Landasåto.

- Annonse -

I staden slo dei følgje med 5419-løparane og fekk eit mykje kortare løp enn dei hadde planlagt. Så vidt me forstår, var merkinga bra, men arrangementskomiteen tar naturlegvis erfaringa med seg i planlegginga til neste år.

Når det gjeld vêret, var nok det verst for komiteen med dagleg leiar i Fitjar Idrettslag, Vidar Aarskog, og styreleiar Gisle Levåg i spissen. Etter mange timar i fjellet blei dei både våte og kalde.

Skodda skapte mykje problem for enkelte av løparane. Foto: Kjetil Rydland

Regnet ingen problem

For løparane er ikkje lett regn noko problem. Den suverene vinnaren, Senay Fissehatsion frå Tjalve i Oslo, seier at regnet var greitt. Ei større utfordring var grusdekket og mange motbakkar og unnabakkar. Han er nemleg mest van med baneløp, og spring 5000 meter under 14 minutt. Kollegaen Michael Ande Tesfamichael frå BUL er meir maratonløpar.

Begge har imponerande personlege rekordar på halvmaraton, 1 time og 4 minutt og 1 time og 6 minutt. Så det var rettelege storkanonar som vitja Fitjar og Midtfjellet i går. Og dei lova å koma tilbake til neste år!

Som vanleg når Fitjar Idrettslag arrangerer noko, er Ole Bergesen aldri langt vekke frå mikrofonen. Og som vanleg gjekk alt unna etter oppsett skjema. Denne gongen hadde han med seg Arve Havnerås frå Sparebanken Vest på Stord.

Banksjefen stilte med dei to «Sparegrisane» og underheldt dei unge med lykkehjulet sitt. Havnerås nytta òg høvet til å dela ut store og små – helst store – sjekkar til gode formål som lag og organisasjonar i Fitjar hadde søkt banken om.

Klassevis resultat kan du lesa på denne linken til EQ Timing.

- Annonse -