Stord rådhus. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Laurdag vart det klart at koronaviruset er påvist på Stord for første gong.

– Med bakgrunn i utvikinga me har sett i landet, er ikkje dette uventa og me lyt rekne med at me får fleire tilfelle i dagane som kjem, melder Stord kommune i ei pressemelding.

Kommunen skriv at dei har sett i verk tiltak i samsvar med gjeldande rutinar. 

Vidare opplyser Stord kommune at kommunelege Lars Helge Sørheim no er satt i karantene.

– Kommuneoverlegen som tok prøven er i karantene, noko som i utgangspunktet ikkje har konsekvens for dei han har vore i kontakt med.

– Dersom vedkomande har symptom og vert testa positivt, vil personar han har vore i nærkontakt med få varsel om karantene, skriv kommunen.

- Annonse -

Trass i at kommunelgen no er i karantene vil han kunna utføre deler av arbeidsoppgåvene sine frå heimekontor. Andre oppgåver vil bli ivaretekne av annan lege.

– Kommunen vurderer fortløpande tiltak som følgje av den nye situasjonen, og oppmodar alle om å følgje styresmaktene sine retningsliner slik at konsekvensane for Stordsamfunnet blir minst mogeleg.

Stord kommune minner særleg om at forbodet mot gjennomføring av arrangement også omfattar private samkomer med mange deltakarar.