Det er ikkje berre vinden som har gjort oppstarten til Torghatten på ferjesambandet Sandvikvåg - Halhjem ekstra turbulent. Arkivfoto: Kjetil Rydland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ferjeselskapet Torghatten Nord har fått ein tøff start på sambandet Sandvikvåg-Halhjem i det nye året.

Av: Heidi Eikremsvik, Stord24

Eli Skår, som reiser fast over fjorden, er ikkje imponert over generalprøven og fortel i ein Facebook-kommentar om fortvila tilsette i kiosken utan opplæring i kassasystemet, og dei visste ikkje kva maten kosta.

Ho er oppgitt over tilbodet ho som reisande blei presentert, med to innstilte ferjer.

– Eg var sjølv der då vi starta opp, og registrerte at sambandet var eitt av få i regionen som ikkje vart stengt då det sto på som verst, seier Torkildsen. I stormkasta valde dei å la MF «Bergensfjord» og MF «Fanafjord» trafikkere strekninga, medan MF «Bastø I» og MF «Bastø II» låg til kai. Kvar av ferjene har ein kapasistet på om lag 210 personbilar, skriv ho.

Ein annan reisande melder om feil i autopass-systemet, og at ferjetida på skjermane ikkje stemte. «Serviceinnstilte i buene gjorde så godt dei kunne, men det såg trasig ut», seier han.

- Annonse -
- Annonse -

2. januar var det framleis innstilte avgangar. Avgangen frå Halhjem 11.25 og frå Sandvikvåg 12.15 vart begge kansellerte.

- Annonse -

– Vi er no oppe og går med alle fire ferjene, og har hatt litt forseinking på ei av dei, kan administrerande direktør Torkild Torkildsen i Torghatten Nord stadfeste, midt på dagen onsdag 2. januar.

Selskapet tok over strekninga frå årsskiftet etter Fjord1. Misnøgde reisande har klaga over at det nye autopass-systemet ikkje fungerte slik det skulle, to ferjer var innstilt og det har i det heile vore ein turbulent start for Torghatten Nord over Bjørnafjorden.

– Det vil framleis bli folk i bua på kaien, og reisande kan bruke ferjekorta sine resten av januar på strekninga. Frå 1. februar vil ein så kunne få refundert unytta beløp på kortet ved å kontakte selskapet som fylte på kortet, seier Torkildsen.

Når det gjeld satsane i den nye autopassordninga, så er dei fastsett av Vegvesenet, ifølgje Torkildsen. Her betalar ein berre for bilen og ikkje for passasjerane. Overfartstida er på 45 minutt, og selskapet lovar 50 minutt frå avgang til avgang.

Han er framleis usikker på når dei nye ferjene kan vere på plass på sambandet. Dei skal ferdigstillast og så gå frå verftet i Tyrkia sjøvegen. Med god bør har han håp om at dei er på plass i slutten av januar.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -