Reidar Lunde var ansvarleg for bygginga av dei populære Sherpa-trappene opp Fossabrekko. Her under opninga saman med leiaren i Stord/Fitjar turlag, Gerda Øen. Foto: Stord/Fitjar turlag
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Trass i at 70-åringen frå Stord driv eige firma og pleiar si sjuke kone, har han lagt ned hundrevis av dugnadstimar i Venelaget for Vidsteenparken og for Stord/Fitjar turlag.

– Heilt sidan eg kom heim til Norge frå Singapore i 2011 har eg hatt ein ibuande trong til å gjere ein forskjell. Å gjere noko som ikkje alle andre gjer, fortel Reidar Lunde (70).

Sidan då har han lagt ned eit imponerande engasjement som frivillig i Stord/Fitjar turlag og Venelaget for Vidsteenparken.

For innsatsen har han no gjort seg fortent til Stord kommune sin eldsjelpris for i 2018.

– Utruleg hjelpsam

Dei som føreslo at Reidar Lunde skulle få eldsjelsprisen skriv blant anna dette:

Reidar er utruleg hjelpsam med alle som han ser treng ei hjelpande hand. Når ein jobb skal gjerast i nabolaget og i vennekretsen er Reidar straks på pletten. Den største jobben gjer Reidar på heimebane i stor omsorg med og for kona. Det er sikkert mange som har sett dei to arm i arm langs vegane i sentrum med pose for bos. Dei plukkar og plukkar bos, det har dei hatt som felles «hobby» i mange år no.

- Annonse -
- Annonse -

Sivilingeniøren frå Stord har arbeidd i olje- og gassindustrien rundt om i heile verda, og flytta altså heim i 2011. Då tok det ikkje lange tida før han nettopp fekk utlaup for denne trongen til å gjere ein forskjell.

– Det byrja med at eg plukka bos då eg var på sykkelturar om morgonane på laurdagane og søndagane. For eg orka ikkje sjå på alt søppelet som var kasta rundt om då eg kom frå Singapore, og må berre gjere noko med det. Eg plukka heile vegen frå Haga til Heiane og samla, og køyrde og henta bossekkane etterpå. Eg må ha samla inn hundrevis av sekker.

Reidar Lunde (t.h) har saman med broren Kristian Lunde vore sentral i gjere i stand Vidsteenparken. Foto: Sunnhordland museum

Hadde ansvaret for Shepaane

Ein av årsakene til at Reidar flytta heim til Stord var at kona hans Marit Frugård vart råka av Alzheimers for 10 år sidan. Det var gjennom ho at han kom i kontakt med Stord/Fitjar turlag.

– Det var gjennom kona at eg kom i kontakt med Gerda Øen og kom inn i turlaget. Me fann då på at me kanskje skulle bygge trappar i Fossabrekko, og då tok det eine det andre.

Engasjementet hans i turlaget manifesterte seg ganske snart i bygginga av dei flotte sherpa-trappane i Fossabrekko og seinast i Tyseskaret. Han hadde heile ansvaret for at Sherpaene frå Nepal hadde det bra då dei var på Stord.

– Eg hadde ansvar for den nye brua i Fossabrekko og bygde den med god hjelp frå dugnadsfolka. Så er eg jo ein internasjonal figur og har jobba i Austen i alle år, og då var det naturleg at eg tok meg av Sherpaane. Eg var arbeidsleiar for dei, og tok meg av dei og rettleia dei då dei hadde behov for det.

– Aldri problem med å få med folk

Men også i Vidsteenparken har Reidar vore ein synleg figur. Han har vore dugnadsgeneral i Parkens Venner og er den som i hovudsak har sørgja for at parken ser ut som den gjer i dag.

Den aktive 70-åringen trur eigenskapane hans frå yrkeslivet har kome godt med i det frivillige arbeidet på Stord dei siste åra.

– Eg er jo prosjektleiar av profesjon, og er vant til å strukturere og skape engasjement for få folk med meg. Eg har aldri hatt problem med å få folk med. Ikkje minst å få bidrag frå industrien, som frå Fronta, SKL og bankane. Der ligg det nok ein ibuande eigenskap som kanskje ikkje alle har.

- Annonse -

Sjølv om 70-åringen er nådd pensjonsalderen med god margin, driv han framleis sitt eige firma.

– I tillegg til alt dette driv eg eit firma med 25 tilsette som jobbar verda over. Me tilset folk og leigar dei ut til Equinor og til andre. Eg pensjonerte meg frå den aktive fysiske prosjektinnsatsen ute i Singapore, men jobbar no heimefrå.

Det siste tilskotet med sherpatrappar i Stord-fjellet vart lagt i Tyseskaret tidlegare i år. Også her leia Reidar Lunde arbeidet. Foto: Stord/Fitjar turlag

Seine kvelder og tidlege morgoner

Og om ikkje dette var nok til å fylle døgerets 24 timar så må Lunde også pleie kona si. No er kvardagen blitt litt mindre tidkrevjande, då dei har selt huset sitt og flytta inn i Meierikvarteret i sentrum.

– Folk spør meg korleis eg får tid til alt dette. Summa summarum ligg det ein aktivitetstrong og ein evne til å orke å halde på. Men det blir jo seine kveldar og tidlege morgonar, og ha struktur på kvardagen og orden i sysakene. Det har kosta med innsats, men eg ser jo resultatet av arbeidet og alt me har klart å få til.

– Korleis kjennes det å vinne Eldsjelprisen?

– Det er klart dette er storveis. Eg er ærbødig overfor ein slik pris og tilliten som er vist. Det er ikkje snakk om anna.

– Men samtidig tenkjer eg, ojojoj, det er jo så mange andre som fortener ein slik pris og som eg synest gjer ein fantastisk innsats. Så eg må berre takka og bukka.

– Har du nokre nye dugnadsprosjekt i emning?

– Nett no har me eit prosjekt i Parken der me ønskjer å bygge ein gapahuk. Så er det å støype nye benker og utvide benkeradane. I turlagssamanheng har me ikkje definert noko anna enn å jobbe med hytta på toppen av Stovegolvet.

Det Lunde er mest glad for er at han er såpass frisk og rask, som gjer at han kan ha så mange jern i elden.

– Eg fylte 70 år i mars. Eg har mange vener med hjarteproblem og som går på medisinar, så det er vel meir eller mindre flaks og gode gener som gjer at eg kan halde på med dette.

– Så eg må berre banke i bordet og seie at for kvar som eg kan halde på er det veldig bra. Det er eg audmjuk for.

- Annonse -

- Annonse -
- Annonse -