Ferja mellom Skjersholmane og Ranavik har skapt stor frustrasjon i mange år. Foto: Wikipedia, (CC-lisens)
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

I eit brev til Hordaland fylkeskommune gir samferdslesdepartementet tydeleg uttrykk for at det skal svært mykje til å nekte privat ferjedrift mellom Stord og Kvinnherad.

Det er Sunnhordland ferjerederi som har søkt om ruteløyve til å drive privat ferjedrift mellom Sunde i Kvinnherad og Jektevik på Stord. I samband med søknaden har Hordaland fylkeskommune spurt departementet om nærare tolkning av dei gjeldande reglane.

Svaret frå samferdslesdepartementet er at det skal «særs mykje til» for å gi avslag til eit privat selskap som søkjer om løyve til å frakte passasjerar, så lenge selskapet oppfyller eigenskapane for god vandel og økonomisk evne, skriv Stavanger Aftenblad.

I strid med EØS-avtala

Departementet meiner at eit avslag om løyve til sjøtransport kan gjere at Norge blir stemna for brot på EØS-avtala, og viser til både norske og internasjonale regler.

Det var i mars i år at fylkesutvalet handsama søknaden om privat ferjedrift. Innstillinga frå fylkesrådmannen var å seie nei, men politikarane valde å utsetje saka fordi dei ville ha meir informasjon om praktisering av regelverket.

- Annonse -

Ifølgje søknaden ønskjer Sunnhordland ferjeselskap å drifte sambandet med to ferjer med 45 minuttars frekvens. I søknaden vert det lagt til grunn at sambandet kan driftast utan offentleg tilskot.

Negative

Formannskapa i både Stord og Kvinnherad kommunar har tidlegare vore negative til etablering av privat ferjesamband mellom Sunde og Jektevik.

Stavanger Aftenblad skriv at politikarane i Rogaland no skal ta stilling til ei liknande sak, nemlig om skal bli gitt løyve til privat ferjedrift utanfor Sandnes etter at Ryfast opnar.

- Annonse -