For to år sidan vedtok regjeringa alternativ 4 for ny E39 over Stord - ein veg i rett gjennom Landåsen. No seier dei ja til omkamp.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke å gå i mot Stord kommune sitt ønskje om å leggje den framtidige traseen for E39 i tunell gjennom Landåsen.

Det var i går at departementet vedtok at framtidig trasé for E39 Heiane – Ådland/Nordre Tveita i Stord kommune skal følgje alternativ 4.

Dermed går regjeringa i mot Stord kommune sitt ønskje om alternativ 5, som ville innebere ein lang tunell gjennom Landåsen.

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Foto: Torbjørn Tandberg/ KMD

Høyrt på vegvesenet

– Eg har lege vekt på at dette er alternativet som samferdselsstyresmaktene meiner er best, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Vedtaket er i tråd med Statens vegvesen sitt forslag til løysing. Fylkesmannen i Hordaland hadde motsegn til dette alternativet, og til alternativ 5 med lang tunell, som var det som kommunen vedtok. Også Statens vegvesen hadde motsegn til alternativ 5.

- Annonse -

Det kjem tydeleg frama i brevet som kommunalministeren har sendt til Stord kommune at alternativ 5 har vore eit urealistisk.

Både Samferdselsdepartementet og Klima- og miljødepartementet rår til at alternativ 5 blir lagt bort, grunna dei økte kostnadane sett i høve til dei to andre alternativa. (…) Dei eventuelle mindre negative verknadene for friluftslivet ved alternativ 5 ikkje kan forsvarast ved å bruke ytterlegare 300 millionar på eit vegprosjekt som i utgangspunktet har negativ samfunnsnytte.

Blir kompensert

Ifølgje Sanner vil Stord kommune bli øonomisk kompensert for innverknadane den nye vegen vil ha naturen.

– Det er lege opp til gode avbøtande tiltak av omsyn til blant anna naturmiljø og friluftsliv som vil verte påverka av vegen. Dei konkrete løysingane for dette blir avklart nærmare i framtidig reguleringsplanlegging, seier Jan Tore Sanner.

Nokre av tiltaka Statens Vegvesen har føreslått er å forlenge tunellen under Lønningsåsen, å etablere lysanlegg på eksisterande skogsvegar, samt oppgradering av eksisterande og bygging av nye skogsvegar.

Les heile brevet frå kommunal- og moderniseringsdepartementet her.

- Annonse -