Denne type skogen er det mykje av på Stord og Tysnes, og er bakgrunnen for at klima- og miljødepartementet ropar varsko. Illustrasjonsfoto: Fylkesmannen i Rogaland
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Klima- og miljøverndepartementet åtvarar regjeringskollega Jan Tore Sanner (H) mot konsekvensane av å bygge firefelts motorveg over Stord.

I eit brev frå klima- og miljødepartementet kjem det tydeleg fram at dei meiner naturinngrepa ved bygging av ny firefelts motorveg over Stord er for store.

– Planlegginga av ny E 39 som firefeltsmotorveg langs Vestlandskysten vil måtte føre til store og omfattande inngrep i mange naturområde, og det er stor sannsyn for at nasjonale naturverdiar vil kunne gå tapt.

Brevet vart sendt 29. juni, berre ei veke før regjeringa fatta vedtak om å gå for alternativ 4 med vegen i open dag mellom Heiane og Ådland bru.

Boreonemoral regnskog

Spesielt viser departementet til konsekvensane det vil ha å seie for boreonemoral regnskog på strekninga over Stord.

- Annonse -
- Annonse -

– I diskusjonen om val av trase på strekninga Heiane til Ådland er boreonemoral regnskog ein av dei naturtypane som dei aktuelle veglenkene kjem i konflikt med. Dette er ein naturtype som berre finst på denne strekninga, og er særeigen for Norge, og som me difor har eit særeige ansvar for å forvalte.

Hordfast kan få store konsekvensar for naturen mellom Stord og Bergen.

Vil krevje økologisk kompensasjon

Klima- og miljødepartementet meiner difor at samferslesdepartementet bør løyve ekstra midlar for økologisk kompensasjon for å sikre bevaring av naturen, og at det trengs ein heilskapleg analyse av konsekvensane for vegprosjektet.

- Annonse -

– Me mener dette verkemiddelet må vurderast ved planlegging av ny E 39, kor det særleg bør setjast fokus på korleis ein på best mogleg måte kan ivareta naturtypane boreonemoral regnskog, sumpskog og kystmyr.

– Det bør alt no ved godkjenning av kommunedelplanen for E 39 på strekninga Heiane til Ådland takast inn eit generelt punkt om økologisk kompensasjon for E 39.

Departementet føreslår at det er fylkesmannen i Hordaland som skal ha ansvar for å utforme ein verneplan.

– Stor naturinngrep

Tidlegare i år åtvara også fylkesmannen i Hordaland om konsekvensane ny E 39 vill ha for regnskogen sør på Reksteren på Tysnes.

– Dette prosjektet blir truleg det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid, skreiv fylkesmann Lars Sponheim i høyringssvaret.

- Annonse -