Ordførar Gaute Epland (Ap). Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Koalisjonen unngår kutt i Stord-budsjettet ved å bruke eigedomsskatten annleis. Likevel blir det kutt i lærlingtilbodet, heimebaserte tenester og tenester til etablerarar.

For å unngå mange av dei dramatiske kutta som rådmannen føreslo vil koalisjonen bruke åtte millionar kroner meir på neste års budsjett enn kva rådmannen føreslo.

– Me legg fram eit budsjett som er innanfor det som vert anbefalt i høve overskot, og eit budsjett med ganske stram styring, seier varaordførar Jakob Bjelland (Sp).

Dette vil dei hente inn ved å bruke eigedomsskatten til å dekkje inn kapitalutgiftene til nye Stord ungdomsskule.

– Endringane går ut på at me kan bruke eigedomsskatten i forkant og ikkje berre i etterkant. Slik ein fører kommunale budsjett er avdrag noko som blir ført i driftsbudsjettet. Då vil me heller endre på dette enn å kutte i førebyggande tenester.

Slik vil forslaga til koalisjonen bli når kommunestyret skal handsame budsjettet seinare i dag:

- Annonse -
- Annonse -

Rustilbod

Frisklivssentralen vil bli vidareført som i dag. Støtta til Kirkens Bymisjon blir også redda, og blir halde på same nivå om i dag.

Men tilbodet til dei svakaste blir ikkje heit freda. Forslaget til rådmannen om å trekkje inn leiarstillinga i Hamna kontaktsenter vert støtta. Ein vi då omorganisere drifta slik at det vert éin leiar som skal ha ansvar for LAR-senteret (Maris) og Hamna.

Fritidsklubbar

Koalisjonen vil redde fritidsklubbane på Litlabø og i Kårevik, som rådmannen føreslo å leggje ned.

Partia vil likevel be rådmannen leggje fram ei sak om framtidig organisering av fritidsklubbane, der ein ser på moglegheit for å innføre brukarbetaling og deltaking frå frivillige organisasjonar.

- Annonse -

Kutt for lærlingar og etablerarar

Det blir eit kutt i lærlingsatsinga i Stord kommune på 150.000 kroner meir enn det rådmannen føreslo. Det betyr at Stord kommune berre vil ha råd til 19 lærlingar i 2018, mot 26 i inneverande år.

Løyvingane til førstelinetenesta for etablerarar, som er sett ut til næringsselskapet Atheno, blir halvert, frå 400.000 kroner til 200.000 kroner. Partia vil be rådmannen vurdere eventuell auke av denne løyvinga ved budsjettrevisjonen i juni 2018 basert på behovet for tenestene.

Trepartssamarbeidet blir kraftig forsterka, i håp om at dette vil gi kraftige innsparingar for kommunen. Koalisjonen ønskjer å bruke 1,5 millionar kroner til dette samarbeidet, og vil setje eit innsparingskrav på 3,5 millionar kroner i 2018.

Kutta i heimebaserte tenester, der rådmannen føreslo å kutte nær tre årsverk, blir halvert slik at det no er rundt 1,5 årsverk som må bli kutta.

Meir i lån

Koalisjonen vil ta opp 18 millionar kroner i lån til investeringsbudsjettet dei neste åra, og legg opp til å bruke heile sju millionar meir på investeringar årleg, frå og med 2019, enn kva rådmannen legg opp til.

For 2018 vil koalisjonen bruke 1,5 millionar meir på investeringar enn rådmannen.

Koalisjonen vil legge inn 150.000 kroner til eit forprosjekt for planane om skeisehall på Vikahaugane.

Budsjettet skal endeleg handsamast i kommunestyret klokka 14 i dag.