Katrin Ankervold. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

– Eg er veldig glad for at me klarar å bevare dei kommunale barnehagane, seier Katrin Ankervold i Stord Ap.

Det var knytt stor debatt til utfallet av kommunestyret sin handsaming av barnehagesaka.

Tidleg i møtet vart det klart at koalisjonspartia, Høgre og Frp har kome fram til å ikkje leggje ned nokre av dei kommunale barnehagane.

– Eg er veldig glad for at me klarar å bevare dei kommunale barnehagane slik at dei består, sa Katrin Ankervold i Stord Ap.

Kraftige kutt

Men ho understreka at det likevel vert kutt i den kommunale barnehagesektoren. Koalisjonen held fast på vedtaket frå budsjettet i fjor haust, om at det skal kuttast 50 kommunale barnehageplassar.

– Denne saka handlar ikkje om kvaliteten på barnehagane, men at me må redusere kostnadsbildet i kommunal sektor og at me får færre barn inn i barnehagesektoren, sa Ankervold.

- Annonse -

I følgje forslaget frå koalisjonen, pluss Høgre og Frp, vil kommunestyret be rådmannen om mellombels å redusere talet på barnehageplassar frå og med hausten 2020. Denne prosessen skal gjerast i dialog med dei tilsette sine arbeidstakarorganisasjonar. Men det blir altså presisert at ingen barnehagar skal leggast ned.

Mange foreldre og tilsette frå barnehagane hadde teke turen for å få med seg debatten. Foto: Jonas Sætre/Stord24

Vil gå i dialog med dei private

Vidare vert det presisert at rådmannen skal gå i ein dialog med dei private barnehagane med mål om å avgrense inntaket av born utan rett til plass. Dei private barnehagane skal ikkje få innvilga dispensasjon frå pedagognorma.

Det vart også fremja eit eige punkt om at den neste barnehageutbygginga i kommunen skal vere kommunal og i bydel Sagvåg.

Forslaget blei vedteke med eit stort fleirtal. SV, Raudt, V, og MDG sine representantar røysta på eige forslag.

– Dette er veldig gledeleg. Men det er ikkje sånn at barnehagar skal skjermast. Dei må ta sin del av kutta, for det er eit stort nedtrekk alle sektorane i kommunen må gjere, sa Sigbjørn Framnes (Frp).

– Det er tungt å gjere desse kutta, men me har gjort eit vedtak at det skal redusere 50 plassar. Men dette er den beste måten å gjere det på, og me slepp å leggje ned barnehagane, sa Dag-Ove Fauskanger (KrF).

Ville ikkje vere med på kutta

Geir Angeltveit (V) meinte det var ingen grunn til å juble over koalisjonen sitt forslag.

– Forslaget gir rådmannen fullmakt til å leggje ned barnehageplassar, utan at ein peikar på kor eller kva.

Angeltveit fremja på vegner av Venstre, Raudt, MDG og SV eit forslag om å vidareføre alle dagens barnehageplassar.

Framnes (Frp) reagerte på at dei andre opposisjonspartia ikkje viste vilje til å gjennomføre noko kutt i barnehagesektoren.

– Me manglar sjukeheimsplassar, og det står plassar klare til å takast i bruk. Men me har ikkje pengar til å gjere det. Det er kvardagen vår. Det er ikkje lett for andre å forklare at me då har ein overkapasitet i barnehagesektoren utan å ta grep. Eg registrerer at Venstre meiner det er greit. Eg synest kkje det er greitt, sa Framnes.

Saka vert oppdatert