Illustrasjonsfoto.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Ein mann kom uskadd frå det då han kom seg ut av bustaden då det byrja å brenne. Brannvesenet fekk fort kontroll på brannen.

Klokka 2.58 natt til tysdag fekk brannvesenet melding om brann i ein bustad på Haga på Stord.

Det var huseigaren som varsla om brannenn. Han hadde då varkna av røyken og klart å kome seg ut av bustaden på eiga hand.

– Personen som budde der blei sjekka av helsepersonell på staden og blei funnen OK. Politiet vil opprette ei sak, og etterforskinga vil vise årsaka, seier operasjonsleiar Nikolai Austerheim i Sørvest politidistrikt.

Det tok ikkje lange tida før brannvesesenet klarte å få kontroll på brannen.

– Det brant i eit rom i ein kjellar, men heile huset var eigentleg røyklagt då me kom til staden. Men me fekk raskt kontroll og fekk lufta ut røyk, seier Frode Lillerud, leiar for beredskap i Stord brann og redning.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

– Er det store skader etter brannen?

– Det er synlege brannskader i kjellaren, men det har vore ganske mykje røyk i heile huset, så eg tør ikkje meine noko om omfanget.

Han opplyser at det tok mindre enn ein time før meldinga kom inn og fram til brannvesenet hadde kontroll på brannen.

- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -