Anne-Grete Sandtorv i Stord næringsråd delte ut Folk i sentrum-prisen til Svein Olav Langåker torsdag. Foto: Jonas Sætre/Stord24
- Annonse -

Svein Olav Langåker vert tildelt prisen for arbeidet med å engasjere barn og unge i samfunnsspørsmål.

Langåker er redaktør for dei to nynorskavisane Framtida.no og Framtida junior. Gjennom desse publikasjonane har han lagt vekt på å informere og engasjere born og unge i viktige samfunnsspørsmål.

– Han reiser rundt til skular og lærer elevar å debattere og hjelper dei til å lage debatt over emne dei er engasjerte i, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Stordabuen har eit personleg klimaengasjement som pregar virket hans som redaktør.

– Svein Olav har eit personleg klimaengasjement, og han er også vaksenkontakt for Miljøagentane på Stord. I vinter gav Framtida Junior ut ei heilt avis, der fokus var på klima og miljø.

Det var ein nøgd prisvinnar som gjekk på talarstolen på Torget tordag, kort tid etter at Folk i sentrum-festivalen vart opna.

- Annonse -

– Eg vil takka lærarar og elevar på Stord vidaregåande for samanarbeid med berekraftvekene. Sidan foreldra mine òg er her, vil eg takke dei for å bli veldig glad i naturen. Tusen takk for ein veldig kjekk pris.

Prisen han mottek er eit kunstverk laga av Stord-kunstnar Lena Herfindal.

Det er første gong at Stord Næringsråd deler ut «Folk i sentrum»-prisen.

- Annonse -