Rebekka Støle Mjønes er rugby-entusiast og aktiv spelar på landslaget. Foto: Privat.
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Rebekka Støle Mjønes (24) frå Stord og klubben hennar har store forventningar til den komande NM-veka i Stavanger.

I fjor lanserte Noregs idrettsforbund planane om ei årleg NM-veke for mindre idrettsgreiner. Neste veke går startsskotet for det ferske arrangementet.

Heile 24 forskjellige idrettar vil samlast i Stavanger-regionen mellom 15. og 19. august for å avvikle sine noregsmeisterskap. Blant desse er rugbyforbundet som stiller med seks damelag og åtte herrelag i turneringa.

Adrenalin og action

– Rugby er ein kontaktsport. Det er mykje action på banen og mykje adrenalin, seier Rebekka Støle Mjønes (24) frå Stord.

Ho er kaptein på klubblaget NTNUi i Trondheim og blei nyleg plukka ut til å spele for landslaget.

Tidlegare i vår vann klubblaget Noregscupen. No kryssar dei fingrane for å nå langt i gruppespelet torsdag 16. august, slik at dei kan spele i den direktesendte finalen på NRK dagen etter.

Ikkje vist på TV før

- Annonse -
- Annonse -

NRK er ein av samarbeidspartnarane ved arrangementet, og kjem til å sende direkte frå fleire av finalane.

– Me gler oss veldig til å vere med på eit arrangement med så stort mangfald og så mange forskjellige idrettar. Dei fleste av desse har me ikkje laga TV på før, så det er nytt og spennande, kommenterte prosjektleiar Torbjørn Sarre-Jensen for nokre dagar sidan.

NTNUi rugbyklubb under Noregscupen. Foto: Privat.

– Målet er å fortelje om desse idrettane slik at folk forstår kva det dreiar seg om, og kva som må til for å vere med i noregstoppen.

– All takling er lov

Mjønes starta sjølv med rugby for to og eit halvt år sidan via universitetslaget til Noregs Teknisk-Naturvitenskapelege Universitet i Trondheim. I sommar spelte ho med landslaget under EM i Ungarn, som enda med ein total 9.plass for laget.

- Annonse -

Planen er å utvide til meir internasjonal speling etterkvart.

– Rugby er ein sport kor det er ganske enkelt å bli god, så lenge ein er villig til å jobbe for det. Det var eigentleg litt tilfeldig at eg starta med det. Eg har alltid vore aktiv fotballjente, men blei lei og ville prøve noko nytt, seier Mjønes.

Ho oppfordrar folk til å teste ut rugby, trass i at det gjerne blir rekna for å vere ein ganske så brutal «mannesport».

– All takling frå skuldrene og ned er lov, og i motsetning til amerikansk fotball, har ein berre tannbeskyttar.

Inkluderande sport

– Men, seier ho, – Det at det er eit såpass lite miljø, er også litt av grunnen til at det er så kjekt. Eg vil beskrive sporten som veldig inkluderande og open for alle. Det er ikkje alltid like nøye kven du spelar på lag med.

Likevel har ho eit soleklårt mål i tankane for klubblaget sitt.

– Målet er å komme til finalen og få lov til å spele på TV, seier ho.

- Annonse -