Stord vidaregåande skule. Foto: Stord kommune
- Annonse -

Lesarbrev: Reaksjonane til aktuelle tilsette i denne saka, slik dei er blitt kjent, er ikkje i samsvar med den rolla tilsette skal ha i skuledebattar og valtorg. 

Av: Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør opplæring, og Ellen Strandenes, rektor Stord vidaregåande skule

Det har vore fleire artiklar i lokalavisene etter skuledebatten på Stord vgs tysdag 3. september. Debatten blei innleia av rektor som la vekt på at alle måtte ha respekt for debattantane sine innlegg.

På slutten av debatten fall det ei utsegn frå FpU som nokre tilsette fortolka og reagerte på. Ungdomspolitikarane som var mottakarar for desse reaksjonane på valtorvet opplevde desse som urettvise og støytande.

Fylkesdirektør opplæring tek avstand frå dei uheldige hendingane som har vore i kjølvatnet av debatten på Stord.

Reaksjonane til aktuelle tilsette i denne saka, slik dei er blitt kjent, er ikkje i samsvar med den rolla tilsette skal ha i skuledebattar og valtorg. Fylkesdirektøren viser og til utsegnene til rektor og hennar vurderingar slik dei kjem fram i lokale aviser.

- Annonse -

Dei verdiane rektor løfta fram i oppstarten av skuledebatten, er dei skulane jobbar etter. Det er mellom anna å ha respekt for kvarande sine meiningar, og at debatten skulle gjennomførast i trygge demokratiske rammer.

Fylkesdirektør opplæring og Stord vidaregåande skule ynskjer ungdomspolitikarane velkomne tilbake ved neste val og alle eit godt val 9. september.

- Annonse -