Steffen Helland. Foto: Malin Langøy Aarbø
- Annonse -
- Annonse -
- Annonse -

Steffen Helland (30) meiner Jehovas vitner går over streken når dei legg personlege brev i postkassa til privatpersonar.

– Først skjønte eg ikkje heilt kva det var då eg opna brevet. Det er jo retta til meg som privatperson, med mitt namn og mi adresse. Eg hadde aldri trudd at brevet var frå Jehovas vitner.

Nyleg fekk Steffen Helland frå Stord eit brev frå Jehovas vitner i postkassa med eit svært personleg preg. På konvolutten var namnet og adressa til familien skriven med handskrift, og brevet vart signert av ein privatperson, og ikkje Jehovas vitner som organisasjon.

Som vedlegg til brevet låg ein brosjyre med tittelen «Trøyst for dei deprimerte», og brevet opnar på følgjande vis:

«Jeg skriver til dere fordi det har vært vanskelig å få til en prat med dere personlig. Jeg deltar i et verdensomfattende undervisningsarbeid som et av Jehovas vitner på Stord. Vi lever i en verden som kan være vanskelig å forstå seg på. I Bibelen finner vi svar på om det går an å håpe på en bedre verden. Jeg legger ved en trykksak som tar for seg dette. Håper dere finner den interessant.»

– Som å strø salt i såret

Brevet inviterer vidare til personleg kontakt med avsendar for ein prat. Helland er ikkje imponert over framgangsmåten.

- Annonse -
- Annonse -

– Jehovas vitner ønskjer å få folk til å lese bibelen, og det er fair enough. Folk må få lov til å tru på det dei vil. Samtidig må folk få lov til å handtere sorg på si eiga måte. Sjølv har eg mista mange, og for min del blir det som å strø salt i såret, seier Helland.

– Dette er det siste eg vil ha i postkassa.

Brevet frå Jehovas vitner var signert av ein privatperson som henvendte seg personleg til Steffen Helland. Foto: Privat.

Oppfattar brevet som reklame

Helland fortel at han har hatt besøk av Jehovas vitner ved tidlegare høve, men at han aldri har motteke slike brev før. Han meiner det burde kome fram mykje tidlegare kven avsendar representerer.

- Annonse -

– Eg synest dei burde ha skrive på konvolutten at brevet er frå Jehovas vitner. Eg har «Nei til reklame» på postkassa mi, det har også dei andre i bygget eg bur i. Eg vil påstå at dette er reklame, seier Helland.

– Her er det snakk om eit masseprodusert brev med ferdigtrykka tekst, som er signert av avsendar personleg. Dette tykkjer eg er ein provoserande og utspekulert måte å få fram bodskapen på.

Ifølgje Forbrukarombodet si tolking av marknadsføringslova er det ikkje mogeleg å reservere seg mot meinigheitsblad, då dette blir rekna som informasjon.

Følgjer ingen mal

Kontaktperson i Jehovas vitner på Stord, John Christian Fagerland, seier han ikkje kjenner til det konkrete brevet og uttalar seg derfor på generelt grunnlag. Han avviser likevel at det dreier seg om eit masseprodusert brev.

– Nokre av medlemane våre har ikkje mogelegheit til å kome seg ut eller sit kanskje i rullestol. Då skriv dei gjerne slike personlege brev. Dei føler gjerne at dei på den måten kjem i kontakt med folk, som dei elles ikkje gjer. Det er altså eit personleg brev skriven på initiativ av vedkomande sjølv, seier Fagerland.

Tilfeldig tema

Stord24 har vore i kontakt med avsendar, som tykkjer det er leit at nokon reagerte negativt på brevet. Vedkommande har valt å sende følgjande kommentar i ein e-post:

«Me har ulike trykksaker som personar kan få, og kva for ein trykksak dei forskjellige får, er heilt tilfeldig. Det er umogeleg for meg å vite kva som kan støyte nokon, då eg ikkje kjenner dei eg skriv til. I brevet har eg vist til nettsida vår der ein også kan finne opplysningar. Elles skreiv eg at dei kunne ta kontakt med meg. Eg stiller alle brev til heile familien, etter som eg ikkje veit kven husstanden består av.»

- Annonse -