Atle Hansen meiner noko bør gjerast med Sponavikjo. Foto: Visit Sunnhordland/Vindblikk
- Annonse -

Kulturpersonlegheit og påtroppande SV-politikar Atle Hansen meiner noko må gjerast for å gjere forholda betre for badegjestar i Sponavikjo.

– Utanom grasbakken, og kan henda stranda over flomålet, er det ingen som lenger ryddar opp i det som må kunna kallast Stord si bystrand, skriv Atle Hansen i eit blogginnlegg på si eiga blogg «Storden».

Han reagerer på tilgroinga og det generelt dårlege vedlikehaldet på Stord si mest populære badestrand.

– Andre byar lagar til sentrale strender og badeplassar til glede for både fastbuande og turistar. Leirvik har ei slik strand frå før, som etter det eg kjenner til, vart laga til av ein velforening for over eit halvt hundre år sidan.

Les heile blogginnlegget til Atle Hansen her.

– Uframkommeleg

Hansen viser mellom anna til at martaumskogen blir stadig tettare utover stranda, og at det ikkje er råd å svømme ut utan å bli fanga av vegetasjonen. Vidare meiner han rullestolrampa er blitt mest ubrukeleg.

- Annonse -

– Utanfor rullestolrampen er martaumskogen tettast. Der er det berre eit lite område med sandbotn til å bada på, og det er totalt uframkommeleg for rullestollar, om nokon skulle prøva å komma seg uti i ein slik stol. Sjølve rampen er også attgrodd med tang, skriv Hansen.

– Kommunen må trø til

No kastar Hansen, som ligg an til å kome inn i kommunestyret for SV til hausten, ballen over til Stord kommune.

– Eg tykkjer at det må gjerast noko for å restaurera Sponavikjo som badestrand og møtestad. Friluftsrådet som no har ansvaret, slår gras, vaskar toaletta og tømer bos, men stranda og tilgroinga bryr det seg ikkje med. Difor må Stord kommune trø til.

Hansen meiner det også er for gale at det ikkje lenger er noko servering eller utsal av is, brus og liknande ved stranda. Han viser til at badeselskapet hans vart «bryskt avvist» då dei prøvde å få kjøpt noko ved campingengplassen like ved.

– Ikkje butikk i å drive issal for badegjestar

Per Ivar Ingrebrigtsen som driv Sponavik Camping seier til Stord24 at det ikkje er noko butikk for dei i å drive servering for badegjestane i Sponavikjo.

– For ein del år sidan hadde me noko issal. Men alle veit jo at vêrforholda og somrane er veldig forskjellige her. No tek me berre inn noko is og ein kaffekopp til gjestane. Me har ikkje noko kapasitet til å servere ein full strand, og det forstår vel kanskje alle. Det er små forhold her hos oss.

Ingebrigtsen fortel at det var dei førre eigarane av campingplassen som fekk sett opp kioskbua som står der no.

– Me har prøvd med issal ein del år, og me har stort sett tapt pengar med isen. Den er kostbar og me brenn inne med halve isen. Atle Hansen må gjerne ta med seg ein isboks og gå ned å selje, seier Ingebrigtsen.

Men at badestranda kunne trengt ei skikkeleg oppgradering er han samd med.

– Viss det er nokon so kan oppgradere badetranda er jo det bra for alle.