- Annonse -

Lesarbrev: Menneske med nedsett funksjonsevne er ei sårbar gruppe menneske som krev lite og aldri ropar høgt. Det er vel eit rimeleg krav at dei skal ha livsvilkår som alle oss andre?

Av: Evy Skogdal, leirar Norsk Forbund for Utviklingshemma Stord/Fitjar

Like levekår – eit urimeleg krav?

Tradisjonen tru, gjentar historia om budsjettkutta seg på nytt, og kommunepolitikarane får igjen store utfordringar i å finna ut kva grupper som denne gongen skal skånast, eller råkast.

Reaksjonen frå NFU kjem også årleg, men no med fornya styrke. Dette fordi me representerer ei gruppe som ikkje har ei tydeleg stemme, og som også er den einaste gruppa som ikkje fullt ut er omfatta av menneskerettane. FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) blei ratifisert av Norge i 2013, men er ikkje inkorporert i norsk lov.

NFU Stord/Fitjar reagerer nok ein gong med vantru når dei les budsjettframlegget til Stord kommune. Dette er stikk i strid med våre mål om at alle skal kunne bestemma over eigne liv og få tenester på lik linje med andre

- Annonse -

Framlegg til kutt for våre grupper:

  • Utsetjing av Husahaugen

Svært uheldig at dei som har sett fram til innflytting over nyåret, må vente til hausten. Enkelte ar allereie sagt opp eksisterande leigeavtalar, og foreldre som har «sine» buande heime, har kan hende lagt nye planar, som må leggast på is. Kommunen går dessutan glipp av leigeinntekter, ved at bustadane vert ståande tomme.

CRPD skal m.a. sikra at kommunane sørgjer for at utviklingshemma kan velja kor og med kven dei vil bu, på lik linje med alle andre. Det er sterkt poengtert at kommunane i større grad skal leggja til rette for at utviklingshemma skal få sin eigen bustad.

  • Måndag- og onsdagsklubben

Måndags- og onsdagsklubben er høgdepunktet i veka for mange, og for einskilde er dette det
einaste fritidstilbodet dei kan nytta seg av. NFU set stor pris på at formannskapet ønskjer å oppretthalde dette tilbodet!

  • Reduksjon i tilrettelagt fritid/støttekontakttenesta

Rådmannen har føreslått å redusera støttekontakttenestene med 0,1 mill. kr. i 2020 og skriv at dette vil føra til at det vert krevjande å gjennomføra alle vedtaka.

Dersom timar med støttekontakt vert reduserte, kan det føre til at mange likevel ikkje kjem seg på måndags- eller onsdagsklubben, eller kan nytte seg av andre fritidstilbod.

  • Reduksjon innan Eining for habilitering med 9,5 årsverk

Rådmannen skriv: «Denne reduksjonen vil føre til lågare grunnbemanning ved bustadene. Konsekvensar av dette er at kvaliteten på tenestene går ned, og at oppgåver og aktivitetar brukarane får hjelp til i dag, må reduserast. Det står elles i budsjettframlegget at kommunen må gå gjennom alle vedtak og revurdere desse, og at klagesaker kan medføre at Fylkesmannen overprøver kommunen si vurdering.

Brukarane har vedtak som er heimla i helse- og omsorgstjenesteloven og pasient- og brukerrettighetsloven. Timane er tildelt etter ei grundig vurdering av den einskilde sine behov, av sakshandsamar på Tingarkontoret. Det er berre endring i den einskilde sitt bistandsbehov, som kan føre til endring i brukar sitt vedtak. Brukarane har rett på nødvendige helsetenester i heimen og personleg assistanse, og dei har rett på verdige tenester.

Kommunen kan ikkje unnlate å gje hjelp til medikamenthandtering, forflytning, personleg hygiene og andre personlege behov. NFU kan ikkje sjå at det kan vere mogeleg å redusere bemanninga i Eining for habilitering med 9,5 årsverk, utan at det vert brot på brukarar sine vedtak.

  • Situasjonen ved Sæbø gard

I økonomiplanen ligg det inne ei auke på 3 årsverk, for å kunne auke talet på brukarar neste år. Rådmannen skriv at ei slik auke ikkje er mogeleg, samtidig som han peikar på at elevar som går ut av vidaregåande skule vil ha rett på tenester.

Situasjonen på Sæbø gard er allereie vanskeleg, ettersom dei allereie gjev tenester til nye brukarar, utan at grunnbemanninga er blitt auka. Rådmannen sitt framlegg vil føre til meir «oppbevaring» og «tilsyn», i staden for meiningsfylte aktivitetar og arbeidsoppgåver.

Dersom bemanninga vert ytterlegare redusert, som del av eit nedtrekk på 9,5 årsverk, vert situasjonen ytterlegare forverra.

NFU kom med framlegg om å laga ein plan for livslange tenester til menneske med nedsett funksjonsevne tidleg i vår. Håpar ein slik plan kan verte politisk forankra gjennom den nye kommuneplanen og ein realitet i nær framtid, slik at tenester frå kommunen på alle livsområde vert meir føreseielege. Bergen kommune har hatt stor suksess med ein slik plan.

Menneske med nedsett funksjonsevne er ei sårbar gruppe menneske som krev lite og aldri ropar høgt. Politikarar, – ta eit metablikk på situasjonen til menneske med nedsett funksjonsevne og særleg gruppa utviklingshemma! Det er vel eit rimeleg krav at dei skal ha livsvilkår som alle oss andre?

NFU gir seg aldri i kampen for menneskerettar for denne gruppa.

- Annonse -